Heim Nyhende Språkbevisste barn i barnehagen

Språkbevisste barn i barnehagen

I Røysmarka barnehage i Volda er dei med i prosjektet “Nynorsk i barnehagen”. Erfaringa så langt viser at barna er bevisste på språket og målformene.

Barnehagen innleia det språkstimulerande arbeidet i fjor med eit besøk i Ivar Aasen-tunet der dei mellom anna fekk lære mykje om Ivar Aasen. Dei tilsette i barnehagen har vore på seminar før prosjektet blei sett i gong, og barnehagen har fått utvida samlinga si av nye barnebøker på nynorsk.

Barna i barnehagen har samtalar om språket og om forskjellige dialektar. På denne måten har dei også blitt bevisste på at det er skilnader i ulike dialektar.

– Det er viktig å framheva at det er forskjell på nynorsk og bokmål. Slik vi pratar her på Sunnmøre, er talemålet mest likt nynorsk, seier Cecilie Vartdal til Nynorskopplæring, eit blad som blir gitt ut av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vartdal er pedagogisk leiar i Røysmarka barnehage.

Gjennom prosjektet “Nynorsk i barnehagen” får ungane mellom anna vere med og lage si eiga bok i Solsikkeklubben. Dei har arbeidd mykje med boka “liten-på-jord-Tor” av Annette Huber. Boka dei sjølv lagar handlar om Tor, men nå er han blitt mykje større. Det manglar ikkje på idear og engasjement frå dei fem år gamle barna.

– Eg er ikkje i tvil om at dette prosjektet har ført til at barna har blitt meir beviste på at det er forskjell på nynorsk og bokmål, sluttar Cecilie Vartdal.

I Ulsteinvik skal nå Aktiv barnehage byrje med «Nynorsk i barnehagen». Les meir om dette her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...