Heim Nyhende Kommunar kan få meir pengar

Kommunar kan få meir pengar

Er norske kommunar og fylkeskommunar for trufaste mot bankane dei samarbeider med, spør Bent R. Eidem, konserndirektør i Fokus Bank, i eit lesarinnlegg i Aftenposten.

– Ein skulle tru at dei økonomiske vinstane var så store for norske kommunar og fylkeskommunar at alle medvitne økonomisjefar og rådmenn var på hogget. Slik er det ikkje, sjølv om norske kommunar faktisk kan spare fleire hundre millionar kroner årleg på å arrangere anbodskonkurranse når dei skal velje bank, seier konsernsjefen.

Han nemner Meråker kommune, som byta bank etter å hatt den same i nesten 100 år.

– I 2011 byta Meråker kommune bank for første gong og fekk rundt 200.000 kroner meir å rutte med årleg, til glede for ungdom og idrettsliv i kommunen, fortel Eidem.

Meråker har 2500 innbyggjarar. Ein middels stor norsk kommune vil tene nærare to millionar kroner ekstra over fire år, ifølgje Eidem.

Norske kommunar og fylkeskommunar hadde bankinnskot på 69 milliardar kroner, seier tal frå Norges Bank frå mars 2010.

– Vi har rekna ut at renta for halvparten av desse innskota ville blitt 0,75 prosentpoeng høgare ved ein anbodskonkurranse. Det ville gitt kommunar med dårleg kommuneøkonomi ein årleg vinst på til saman 262 millionar kroner, slår konserndirektøren fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...