Heim Nyhende Nynorske salmetekstar appellerer til popartist

Nynorske salmetekstar appellerer til popartist

Den norske artisten Espen Lind har fått i oppdrag å setje nye melodiar til gamle salmar. Han meiner salmetekstane på nynorsk er meir poetiske.

Nestor i norsk musikkbransje, Bjørn Nesjø, hadde ideen til prosjektet som har fått namnet ”Frå Billboardlista til salmeboka”. Espen Lind tar utgangspunkt i Landstad si salmebok, og han plukkar salmar heifrå som han komponerer nye melodiar til. Resultatet skal urframførast under Olavsfestdagene i Trondheim si sommar.

– Eg synest dette var eit spennande prosjekt. Å setje ny musikk til gamle salmetekstar er nok ikkje det folk tenkjer først på når dei tenkjer på meg, men eg synest det er kjekt å gjere nye ting, slår artisten fast.

Espen Lind (40) frå Tromsø har i tillegg til karrieren som artist, også vore låtskrivar og produsent i fleire år. Han har gitt ut fem soloalbum og vunne fem Spellemannprisar, fortel Wikipedia. Han har også hatt stor internasjonal suksess.

– Vi har ikke tenkt på ein raud tråd eller eit tema. I utgangspunktet har eg ikkje noko sterkare kjensler for salmar enn nordmenn flest, men når eg nå les tekstane er det mange eg stoppar ved. Tekstar som gir ei kjensle av rytme når eg les dei får ekstra merksemd. Generelt sett kan eg seie at tekstane på nynorsk appellerer meir enn dei på bokmål. Nynorsk har ein mer poetisk valør, seier artisten til NTB.

– Salmeprosjektet er eit ikkje-kommersielt formål med eit heilt anna nedslagsfelt enn det eg tenkjer på til vanleg, og det er ein kvalitet i seg sjølv. Her ønskjer eg først og fremst å vere komponist, seier Lind vidare.

Han har mellom anna invitert med seg folkemusikksongaren Ingebjørg Bratland til å syngje tekstane. Urframføringa skjer i Vår Frue Kirke torsdag 29. juli.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...