Heim Nyhende Fekk Huldaprisen 2011

Fekk Huldaprisen 2011

Liv Hege Skagestad fekk Huldaprisen 2011 under Norsk Amatørteaterfestival i Oslo laurdag. Prisen fekk ho for sitt arbeid med og for norsk amatørteater gjennom fleire år.

– Liv Hege Skagestad får Huldaprisen 2011 for for å ha vore ein teaterpioner som har skapt nye arenaer, latt menneske møte menneske og fordi ho har utvikla teateret i Noregs Ungdomslag. Ho har flytta det profesjonelle teateret nærare oss, og flytta oss nærare det profesjonelle teateret, seier Kristian Fjellanger, styreleiar i Noregs Ungdomslag og jurymedlem.

Liv Hege Skagestad har i fleire år vore drivkraft for Norsk Amatørteaterfestival, og ho er også initiativtakar til Den Mangfaldige scenen. Den Mangfaldige scenen er eit barne- og ungdomsteater som legg vekt på kulturelt mangfald og som tilbyr kurs og framsyningar av og med unge med profesjonelle kunstnarar som rådgjevarar.  

– Juryen har lagt vekt på hennar evne til å inspirere og begeistre andre i sitt arbeid. Liv Hege Skagestad har med sin viljestyrke, sitt pågangsmot, og sin teaterglede gjort seg til ein sentral aktør når amatørteaterhistoria etter år 2000 skal skrivast, seier Fjellanger. Han hadde Jakob Bjerkem og Tanja Isaksen med seg i juryen.

Om prisen:
Huldaprisen vert gjeve til einskildpersonar, lag, organisasjonar eller institusjonar som har arbeidd for å fremje og betre rammetilhøva for norsk amatørteater. Arbeidet skal vere tufta på Noregs Ungdomslag sine grunntankar om opplæring, formidling og trua på einskildindividet som ressurs. Det vil bli sett på som ein føresetnad at mot­takaren av Huldaprisen i arbeidet har lagt vekt på å heve den kunstnarlege kvaliteten på amatørteatret.

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...