Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) vil hjelpe 16-åringane med å gjere det rette valet til hausten.
– Forsøket med å la 16- og 17-åringane få stemme er viktige bidrag til fornying av demokratiet og ein ny demokratidebatt, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken ved lanseringa av STEM1209 i april. Kampanjen har som føremål å få fleire unge til valurnene ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten, og LNU har fått 1,5 millionar kroner av Kommunal- og regionaldepartementet til å gjennomføre kampanjen.
Skal få svar
STEM1209 har mellom anna ei nettside der ungdom kan ta opp ting via SMS eller applikasjonar.
Viss du har noko du er oppteken av, til dømes dårlege busskur i kommunen din, kan du ta bilete av det og sende inn, så vil vi få ein politikar til å uttale seg om saka. Nettstaden www.stem1209.no skal delvis vere ein arena for engasjement, delvis ein plass for å finne informasjon. Gjennom Frifond-ordninga har STEM1209 i tillegg fått midlar som dei lyser ut, slik at ungdom kan søkje om pengar til lokale prosjekt dei brenn for. Det kan vere ulike ting frå å trykkje opp flygebrev til å arrangere konsertar.
Kultur og kollektivtrafikk
Kampanjekoordinator Flemming Rogbiff Idsøe i LNU har allereie vore i kontakt med ei rekkje ungdommar etter at kampanjen tok til, og han merker at dei unge som skal stemme for første gong til hausten, synest det er spennande og gler seg.
– Men mange av dei er usikre på valet dei skal ta, og dei er opptekne av å få vite nok før dei stemmer. Dei lurar på korleis dei skal finne ut kven dei skal stemme på, og mange er redde for at dei skal stemme feil, seier koordinatoren. Ungdommane tar valet alvorleg og forstår at det er makt i å bruke stemmeretten sin, seier han.
Når det gjeld kva saker desse ungdommane er opptekne av, seier Rogbiff Idsøe at kultur, fritid, skule og rusproblematikk peiker seg ut som typiske emne. Dei er til dømes opptekne av korleis kommunen kan ha møteplassar for ungdom der det ikkje er skjenking av alkohol.
– Kollektivtrafikk er eit anna tema som engasjerer, men kanskje ikkje først og fremst ut frå eit miljøperspektiv, slik vi er vane med. Ungdommane er meir opptekne av det praktiske perspektivet, som kva tilbod det finst i deira område, og kva det kostar.
Førstevalet
STEM1209 blir finansiert hovudsakleg med tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet. I tillegg yter dei aktuelle kommunane og fylkeskommunane sitt.
Regjeringa har løyvd midlar til fleire prosjekt som har som føremål å auke valdeltakinga og styrkje lokaldemokratiet. Mellom anna har LNK, Nasjonalt Garborgsenter og Magasinett utarbeidd det toårige prosjektet Mot til å meina. Mot til å meina har saman med idé-entreprenørane Melvær & Lien utarbeidd valkampanjen Førstevalet, der ungdom kan bli kjende med dei ulike partia og kome i kontakt med unge politikarar. Nettstaden Forstevalet.no er ein nettbasert kampanje som opnar 1. august.
FAKTA: STEMMERETT FOR 16-ÅRINGAR:
20 kommunar er valde ut til forsøk med stemmerett for 16-åringar. Alle fylke i landet unntatt Oslo er representerte. Longyearbyen lokalstyre vil også delta i forsøket. Forsøket blir gjennomført ved kommunestyrevalet 12. september 2011.
Kjelde: Regjeringa.no