Halve folket er usamd i påstanden om at det er viktig at alle skuleelevar lærer å lese og skrive både nynorsk og bokmål, viser undersøking.
I distriktsbarometeret i Nationen svarar 47 prosent at dei er usamd i påstanden, 23 prosent er samd. Tala er omtrent dei same som i fjor. Det er ikkje uventa Senterparti-veljarar og folk busett på Vestlandet som er mest positive til sidemålet.
Leiaren for Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, meiner det er ei fallitterklæring for nasjonal språkpolitikk om opplæringa i skriftleg sidemål blir kutta ut.
– Nynorsk som nasjonalt og sidestilt språk er avhengig av opplæring. Sidestillinga av målformene inneber skriftlegheit, seier Øvregård til Nationen. (NPK)