Sauda vidaregåande skule i Ryfylke i Rogaland har som motto ”Me vil meir”. Nå har dei fått pengar til å utvikle ei internasjonal linje. Studiet blir det einaste i sitt slag i landet.
Espen Thompson og prosjektgruppa ved Sauda vidaregåande skule har fått støtte av Ryfylkefondet til å arbeide vidare med å legge til rette for internasjonal linje i Sauda.
– Vi fekk pengane i juni, og får i tillegg finansiering frå skulen til å arbeide med dette. Nå skal vi mellom anna lage modell for drifta, forme innhald og lage årsplan for prosjektet, seier rektor ved Sauda vidaregåande skule, Espen Thompson, til lokalavisa Ryfylke.
Den internasjonale linja det nå blir arbeidd med, er den einaste av sitt slag i Noreg, skriv Ryfylke vidare. Tilbodet er ei modifisert utgåve av VG2 og VG3 studiespesialisering på vidaregåande, og skal mellom anna gjere elevane betre rusta til å takle arbeidsoppgåver og studiar retta mot andre land.
Det første året er den vestlege verda i fokus, medan elevane på VG3 vil kunne spesialisere seg innan Austen og Afrika.
Det er lagt opp til rundt 45 elevar totalt på begge åra, og rektoren trur det blir kniving om plassane.
– Tilbodet vert unikt for Sauda, og eg ser føre meg mange søkjarar. Her vil elevar frå heile landet konkurrere om å kome inn, og berre dei med best karakterar vil få plass på linja, trur Thompson.
Sjølv om dei har fått gode tilbakemeldingar, både sentralt og i fylket, står det arbeid igjen før prosjektet er ein realitet,
– Vi må finne partnarar som vi kan samarbeide med i andre land. Til sjuande og sist treng vi også godkjenning frå fylkeskommunen til å starte opp med tilbodet, opplyser Espen Thompson, som håpar at den internasjonale linja vil vere ein realitet om eitt til to år.
Sauda vidaregåande skule har frå før gjort seg bemerka med sitt tilbod for komande toppvolleyballspelarar med ToppVolley Norge, ei avdeling av skulen på Sand i nabokommunen Suldal. Dei kan også tilby vidaregåande opplæring innan yrkesfag, som til dømes byggfag og transport.
Ein lesar har gjort oss merksame på at det finnast andre vidaregåande skular i Noreg som har internasjonale studium. Ved Knarvik vidaregåande skule kan 16 elevar frå Hordaland gå på skule i Wales eitt heilt skuleår. Dette skuleåret tel som Vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering. Det siste året kjem desse elevane tilbake til norsk vidaregåande skule og går inn i Vg3.