Heim Nyhende To av tre nøgde med nærbutikken

To av tre nøgde med nærbutikken

To av tre spurde i ei ny meiningsmåling seier dei er nøgde med matvareutvalet i nærbutikken sin. Berre 13 prosent er misnøgde.

Svara kjem fram i distriktsbarometeret til Nationen og viser at folk i Midt-Noreg og på Austlandet er mest nøgde med vareutvalet i butikkane sine, medan kundar i Nord-Noreg og på Vestlandet er noko mindre nøgde.
Heile 67 prosent i undersøkinga svarar at dei er svært eller noko nøgde med vareutvalet, medan til saman 13 prosent svarte at dei er svært eller noe misnøgd. 19 prosent svarer både og på spørsmålet.
Mest nøgde er kundar som bur i ein by med mellom 5.000 og 50.000 innbyggjarar.
Svara på undersøkinga til Nationen gjev eit heilt anna inntrykk enn undersøkingane til Matkjedeutvalet, som gav inntrykk av eit stort behov for betre utval.
Leiar i utvalet, Einar Steensnæs, meiner likevel at skilnaden kan forklarast ved at kundane er førebudde på at nærbutikkane har eit avgrensa vareutval i utgangspunktet og difor har svart slik dei gjorde. (NPK/NTB)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...