Heim Nyhende Upopulært fag

Upopulært fag

Haakon Øvreseth (15) har gått på spansk skule og lært valensiansk i fleire år. Han trur ikkje han får bruk for det nokon gong.

Familien Øvreseth flytta til Torrevieja i Spania då Haakon var fire år. Han byrja på spansk skule like etterpå. Undervising i valensiansk fekk han frå fjerde klasse. Valensiansk er offisielt språk i Valencia-regionen, og mykje av offentleg informasjon, skilt og andre ting blir trykte på både kastiljansk og valensiansk. Lingvistar kallar valensiansk ein dialekt av katalansk, men folk i Valencia-regionen legg vekt på at det er eit eige språk. Torrevieja ligg heilt sør i regionen. Valensiansk er mindre brukt her enn rundt storbyen Valencia og i nord, der Valencia grensar til Catalonia.

– Me hadde 3-4 timar valensiansk i veka, men fekk mykje meir opplæring i kastiljansk. Det var også kastiljansk som blei brukt i andre fag. Eg høyrer ikkje mange som snakkar valensiansk her i Torrevieja, og dei spanske medelevane mine kunne heller ikkje språket før me fekk undervising i det, fortel Haakon.

Haakon, som stort sett har spanske vener og spelar på spansk fotballag, snakkar flytande kastiljansk, men kan ikkje seia det same om valensiansk.

– Eg kan sjå nyheitssendingar på valensianske TV-kanalar og forstå kva dei seier, men ikkje stort meir. Det er stor skilnad på kastiljansk og valensiansk, seier Haakon, og legg ikkje skjul på at valensiansk var eit upopulært fag blant elevane.

– Det blir som med sidemålsundervising heime i Noreg. Elevane spør «kvifor må me lære dette, me får jo aldri bruk for det.» Svaret frå lærarane var stort sett at det berre var noko me måtte gjennom, fortel han.

Dei tre siste åra har Haakon Øvreseth gått på den norske skulen i Rojales, ein av fleire norske skular i Spania. Han har bokmål som hovudmål, men tykkjer ikkje nynorsk sidemål er noko problem.

– Dei to målformene er veldig like. Når du kan den eine, går det ganske greitt å lære den andre. Det er verre med valensiansk. Eg tvilar på at eg nokon gong får bruk for det, seier han.

 

Førre artikkelFleire språk til fleire
Neste artikkelSpråk og fotball

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...