Heim Nyhende Kårar Årets nynorskkommune

Kårar Årets nynorskkommune

Åtte kommunar har søkt om å få bli Årets nynorskkommune 2011. Dei åtte er Aurland, Bremanger, Vågå, Fjell, Norddal, Vinje, Lindås og Masfjorden.

Kven som får bli Årets nynorskkkomune blir klart i morgon. Då blir det prisutdeling på Det norske tetatret, og vinnarkommunen får prisen på 100 000 kroner.

– Vinnaren har gjort ein innsats for å styrkje nynorsken og bruke nynorsk aktivt i tenestene sine. Difor vil vinnaren vere eit førebilete for andre nynorskkommunar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

– Nynorsk er ein viktig del av den nasjonale kulturarven vår. Nynorsk skapar identitet, tryggleik og frimod. For å styrkje og oppretthalde bruken av nynorsk, må det offentlege bruke nynorsk aktivt i verksemda si. Prisen skal gå til kommunar som arbeider for å styrkje kvaliteten i språket. Men også til dei som aktivt brukar nynorsk for å profilere seg, til dømes ved kulturarrangement eller på heimesidene sine. Å bruke nynorsk i møte med og arbeid for barn og unge er viktig for framtida, seier Navarsete.

Det er kommunane sjølve som søkjer om å få bli Årets nynorskkommune. Kriteria for å søkje er at kommunen har:

aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
god målbruk blant tilsette
marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

– aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar

– aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen

– god målbruk blant tilsette

– marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement

– tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule

Kriteria er utarbeidd av Kommunal- og regionaldepartementet saman med LNK. Prisen Årets nynorskkommune har tidlegare gått til Stord (2009) og Seljord (2010).

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...