Heim Nyhende Yngve Slettholm blir ny leiar av Kulturrådet

Yngve Slettholm blir ny leiar av Kulturrådet

Kopinor-direktør Yngve Slettholm vart i statsråd fredag utnemnd til ny leiar av Kulturrådet.

Den tidlegare KrF-politikaren tek dermed over for Bentein Baardson frå nyttår.

Asta Busingye Lydersen er samtidig utnemnd til første nestleiar, mens Arnfinn Bjerkestrand blir andre nestleiar i rådet. Marianne Olsen og Iren Reppen er nye medlemmer i rådet dei neste fire åra.

Arne Fagerholt og Ingar Sletten Kolloen tar over plassane til Ingrid Lorentzen og Olaug Nilssen i 2012 og 2013. Lorentzen og Nilssen har begge bedt om fritak frå verva sine resten av rådsperioden.

Norsk kulturråd forvaltar Norsk kulturfond og er eit rådgivande organ for staten i kulturspørsmål. Rådet har ti medlemmer som sit for ein periode på fire år. Halvparten av medlemmene blir bytte ut annakvart år.

Det nye Kulturrådet

* Yngve Slettholm, Oslo, leiar

* Asta Busingye Lydersen, Oslo, første nestleiar

* Arnfinn Bjerkestrand, Oslo, andre nestleiar

* Marianne Olsen, Tromsø

* Iren Reppen, Tromsø

* Arne Fagerholt, Orkdal

* Ingar Sletten Kolloen, Lillehammer

* Solveig Øvstebø, Kvinnherad

* Erik Fosnes Hansen, Oslo

* Gro Persson, Sandnes

* Varamedlemmer 2012– 2015: Geir Harald Samuelsen og Luba Kuzovnikova

* Varamedlemmer 2009– 2013: Corinne Lyche Campos og Harald Solberg

. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...