Heim Nyhende Har skrive alt på nynorsk i ein månad

Har skrive alt på nynorsk i ein månad

Hos Fylkesmannen i Telemark har alle dei 110 tilsette skrive alle sakene som blir lagt ut på nett på nynorsk i november månad. Det har vore ei utfordring for mange.

– Eg er veldig nøgd med innsatsen denne månaden. Vi har fått ein del tilbakemeldingar på at kvaliteten på det som har blitt lagt ut ikkje alltid har vore så bra, men slike tilbakemeldingar er jo nyttige, seier seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Telemark, Jan W. Jensen Ruud, til LNK.no.

– Det viktigaste var ikkje at nynorsken skulle vere så fantastisk. Det viktigaste var at vi skulle bli meir medvitne om kva behov vi har for å auke språkkompetansen vår, held han fram.

Han fortel at det har kravd meir tid for mange tilsette å skrive på nynorsk, men det meiner han ikkje er bare negativt.

–Det har ført til at vi må tenke meir over kva vi skriv, og dermed trur eg vi skriv enklare og får ein klarare bodskap, seier seniorrådgjevaren.

Det var Jensen Ruud som hadde ideen til tiltaket med ein månad med nynorskpublisering på nett.

– Det er åtte nynorskkommunar i fylket vårt, og dei og alle andre som skriv til oss på nynorsk har krav om at vi svarer dei på den målforma dei har vald. Derfor er et viktig at vi alle meistrar begge målformene og kan nytte dei i sakshandsaminga vår, slår Jensen Ruud fast.

Kravet er at minst 25 prosent av det som blir publisert på heimesidene til instansar i offentleg forvaltning skal vere på nynorsk.

– Dette kravet ligg vi langt etter, sjølv om vi gjorde dette grepet i november. Neste år planlegg vi å ha to nynorskmånader slik at vi blir endå betre, seier seniorrådgjevaren.

Nå skal han og dei andre i kommunikasjonsgruppa hos Fylkesmannen i Telemark sjå på kva slags språkkursing som er mest muleg tenleg for dei tilsette.

– Vi vil ha eit kurs som krev litt meir fordjuping enn bare eit kortvarig stunt på ein eller to dagar. Eg trur vi kjem til å ha meir utbyte av å ha eit meir inngåande språkkurs. Vi skal også vurdere kva hjelpemiddel vi kan nytte oss av, fortel Jensen Ruud.

Han har opplevd at kollegaene har vore positive til nynorsk-stuntet.

– Det har vore nokre tilfelle der saker har blitt levert tilbake med beskjed om å skrive dei på nynorsk, men det har ikkje vore noko problem for alle veit jo om kravet som ligg i botnen. Vi har også fått tilbakemeldingar på at dei tilsette ønskjer ei kompetanseheving på dette området, seier initiativtakaren.

– Vi var jo litt redde for at vi kom til å få saker som vi måtte setje om til nynorsk, men det har vi ikkje opplevd, legg han til.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...

Programmet til landstinget til LNK i Sogndal 1.-2. juni 2023

Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting i Sogndal 1.-2. juni på Quality Hotel Sogndal. Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein...

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...