Heim Nyhende Best på nett i 2011

Best på nett i 2011

Porsgrunn kommune, Økokrim og Statens Pensjonskasse vart vinnarane i Direktoratet for forvaltning og IKT si årlege kvalitetsvurdering av offentlege nettstader.

Porsgrunn kommune vart kåra til Årets kommunale nettstad.

– Porsgrunn har hatt mot til å satse nytt, og behova til brukaren er sett i sentrum. Årets kommunale nettstad utmerkjer seg ved ei radikal omlegging av framsida med tydelege inngangar til kommunen sine viktigaste tenester, meiner fagjuryen.

Porsgrunn kommune fekk ein skår på 91 prosent og seks stjerner av seks mulege for nettsatsinga si.

 

Pluss for språk

Økokrim fekk utmerkinga Årets statlege nettstad. Økokrim får mellom anna pluss i margen for å gjere komplekse tema tilgjengelege på ein god måte. Juryen peikar på at nettstaden publiserer det meste av innhaldet både på bokmål og nynorsk.

– På den måten er nettstaden ei inspirasjonskjelde for andre offentlege nettstader, heiter det i grunngjevinga.

Økokrim fekk same skår som Porsgrunn: 91 prosent og seks stjerner.

Teiknspråk

Årets tilgjengelege nettstad vart Statens Pensjonskasse. Dei får ros for å bruke eit enkelt og tilrettelagt språk og ha ein god oversiktleg design. Dei er også ein av få nettsider som er gode på samisk, heiter det i grunngjevinga.

 

Statens pensjonskasse får dessutan skryt for satsinga på teiknspråk og bruk av video som eit pedagogisk verkemiddel. Eit døme til etterfølging, seier juryen. SPK får ein skår på 77 prosent og fem stjerner.

Den årlege kvalitetsvurderinga vurderer offentlege nettstader ut frå tilgjengelegheit, brukartilpassing og om sidene har eit nyttig innhald, og sidene blir rangerte frå ei til seks stjerner.

Du kan sjekke stoda for din kommune på kvalitet.difi.no/resultat.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...