Heim Nyhende Likestillingsombodet: Misjonssambandet bryt lova

Likestillingsombodet: Misjonssambandet bryt lova

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) gav bare menn lov til å søkje på stilling som økonomileiar. Likestillings- og diskrimineringsombodet meiner at NLM har brote likestillingslova.

I februar i år lyste NLM ut stilling som økonomileiar og presiserte at bare menn kunne søkje. Likestillingsombodet blei tipsa om saka. Konklusjonen kom fredag.

– Vi har ikkje overprøvd synet til Misjonssambandet på kva som er eit lærespørsmål. Vi har konkludert med at dei kan opne stillinga for kvinner ved å organisere seg annleis og likevel behalde synet på kven som er hyrde- og læreansvarleg i organisasjonen, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik til Vårt Land.

Avgjerda får inga betydning for Øystein Frøysa, som blei tilsett som økonomileiar 1. juni. Men ombodet har gjeve Misjonssambandet frist til 6. februar til å gje tilbakemelding på om NLM vil setje i gang eit arbeid med å endre grunnreglane fram mot generalforsamlinga i juli neste år.

Ombodet kan ikkje påleggje NLM å opne stillinga for kvinner, men Ørstavik kan klage organisasjonen inn for Likestillingsnemnda dersom NLM ikkje rettar seg etter konklusjonen. Likestillingsnemnda har rett til å påleggje tiltak og å skrive ut bøter. NLM har samstundes høve til å klage konklusjonen frå ombodet inn for nemnda.

– Det er greitt at Likestillingsombodet har kome fram til ein konklusjon, seier generalsekretær Øyvind Åsland. Han tar konklusjonen til etterretning og vil vurdere korleis NLM skal svare, men han seier det er lite som tyder på at NLM kjem til å klage. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...