Heim Nyhende 500 000 til nynorske pressetiltak

500 000 til nynorske pressetiltak

Vinjefondet skal i 2012 dele ut minst ein halv million kroner til ulike nynorsktiltak innan pressa.

Vinjefondet prioritere få, større prosjekt som dei støttar, og det blir lagt særleg vekt på tiltak overfor redaksjonsmiljø med både nynorsk- og bokmålsbrukarar og miljø med berre nynorskbrukarar, heiter det i vedtektene. Tiltaka som får støtte kan vere praktikantordningar, praksisplassar for nynorskjournalistar, språklege tiltak og etterutdanning, og dei kan rette seg mot både fast tilsette journalistar, frilansarar og studentar.

Vinjefondet vart oppretta i 2009, og har sidan då delt ut 1,3 millionar kroner til ulike tiltak. Framtida.no var ein av mottakarane dette året, nettavisa fekk 200 000 kroner til å engasjere ein reisande journalist i eitt år.

Det er Nynorsk kultursentrum som har fått i oppdrag av Kulturdepartementet å forvalte midla i Vinjefondet. Søknadsfristen er 31. desember i år, og eit eige fagråd vil gje tilrådingar til styret i Norsk kultursentrum som skal vedta løyvingane i januar 2012.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...