Heim Nyhende Julehefte i hundre

Julehefte i hundre

I år er det 100 år sidan vi innførte tradisjonen med julehefte her til lands.

I 1911 fekk vi det aller første juleheftet, «Knold og Tot i skole». Knoll og Tott er framleis med oss kvar jul, og i år gir redaktør Haakon W. Isachsen i Egmont forlag ut boka «Knoll og Tott». Dessutan gir den same Isachsen ut «Juleheftenes historie».

Isachsen seier til NTB/Klar Tale at folk helst vil ha dei hefta dei sjølve har vekse opp med og hugsar frå barndommen. Det vil nok vere med og gi rom for nye trendar, slik at Nemi og Pondus blir dei blada dei eldre vil ha ein gong i framtida.

Mange av julehefta har historier og roller som kan vere avleggs etter dagens standard, men Isachsen trur vi aksepterer det på same måte som vi kan kose oss med ein gammal film. Samstundes har det vore viktig å skape våre eigen historier, tufta på norske tradisjonar, slik som Stomperud og Vangsgutane.

Vangsgutane er også jubilantar i år. Det er 70 år sidan teikneserien først kom ut, i Norsk Vekeblad i 1940. Det første juleheftet med Vangsgutane kom i 1941, og bladet haldt på å produsere nye historier i 40 år, fram til 1981. Sidan då har det gått i opptrykk av tidlegare historier.

Men no i jubileumsåret kjem Vangsgutane med ei heilt ny historie og i heilt ny drakt. Karl Erik Harr har teikna framsida og inne i heftet er det ei nyskriven og nyteikna historie om Vangsgutane; i ny layout. Forfattar er Sverre Årnes og teiknar er Ivan Andreassen. Den nye historia om brørne Kåre og Steinar Vangen og Larris er lagt til åra 1940 til 1945.

Inne i bladet har eigedomskongen Olav Thon skrive den redaksjonelle artikkelen.

– På den tida Vangsgutane kom ut fyrste gongen, rådde det ei innstilling og ein moral i samfunnet som kan verke framand på enkelte i dag: Du skulle sjølv prøve å ta ansvar, vere sjølvstendig, finne løysingar på praktiske problem, høyre på formaningane i heimen, arbeide hardt, – og etterkvart nyte fruktene av din eigen innsats. Eg kom til å kjenne meg att i Vangsgutane. Kåre og Steinar Vangen er alltid ein inspirasjon for dei som vil noko, skriv Olav Thon.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...