Heim Nyhende Vil ikkje ha Språkrådet sine namn

Vil ikkje ha Språkrådet sine namn

Olje- og energiminister Ola Borten Moe vil ikkje bruke den nye namnelista for norske olje- og gassfelt som Språkrådet har utarbeidd.

Noko av det første Ola Borten Moe gjorde då han tok over som olje- og energiminister i mars i år var å innføre ny namnepolitikk på sokkelen, skriv Teknisk Ukeblad. Han oppretta mellom anna ei namnegruppe, som skal bistå Olje- og energidepartementet i val av navn på nye felt på norsk sokkel.

Oljedirektøratet har bedt Språkrådet om å utarbeide ei ny namneliste for petroleumsfelt basert på norrøne namn. Denne lista ønskjer altså ikkje Borten Moe å nytte. Det respekterer OD.

– Språk og namn engasjerer mange nordmenn, også oss i Oljedirektoratet, seier pressetalsmann i OD, Bjørn Rasen, til Teknisk Ukeblad.

– Når så departementet set ned ei eiga gruppe til å bistå, så respekterer vi sjølvsagt det. Det er resultatet som tel. Og aller viktigast er maksimal utvinning frå desse felta, til det beste for heile nasjonen. Kor vidt lista blir brukt eller ikkje, overlet vi til departementet sit nye namneråd å ta stilling til, held han fram.

Den nye namnelista frå Språkrådet inneheld namn frå norrøn mytologi og historiske namn frå vikingtida og middelalderen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...