– Ho er eit fantastisk førebilete for ungdom over heile Noreg, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom.
Dialektprisen til Norsk Målungdom vert delt ut ein gong i året og går til offentlege personar som har utmerkt seg positivt med dialekten sin. I år går den gjeve prisen til langrennsløparen Therese Johaug.– Ho har gjort dialekten frå Dalsbygda til ein del av varemerket sitt og er eit fantastisk førebilete for ungdom over heile Noreg, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom.
– Nokre dialektar er mindre aksepterte enn andre. Dette gjeld spesielt bygdedialektane på Austlandet, og difor er det avgjerande at personar som Therese Johaug syner fram at desse dialektane duger like godt i det offentlege rom som andre dialektar, forklarer Nygård i ei pressemelding målungdommen har sendt ut.
Landsstyret i Norsk Målungdom har delt ut Dialektprisen kvart år sidan 2001. Johaug er dialektprisvinnar nummer ti i rekkja, og kjem i storfint selskap med mellom andre Eli Kari Gjengedal, Lars Vaular og Ravi. (NPK)