Heim Nyhende Inntektsauke for Nynorsk kultursentrum

Inntektsauke for Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum auka inntektene med 25 prosent i 2011, og direktør Ottar Grepstad kallar 2011 for det viktigaste året for nynorskinstitusjonen.

– 2011 blei det viktigaste året til nå for Nynorsk kultursentrum. Arbeidet med Språkåret 2013 kom godt i gang, Olav H. Hauge-senteret vann raskt tillit, vi utvida kontakten med andre land, styrkte Ivar Aasen-tunet og sette i gang nye prosjekt som involverer mange frå ulike miljø over heile landet, seier direktør Ottar Grepstad til Herøynytt.

Med sine 13 fast tilsette har Nynorsk kultursentrum ansvaret for ni ulike tiltak og medarbeidarar både i Ørsta, Ulvik og Oslo. Nynorsk kultursentrum stod i 2011 for 299 arrangement og utstillingar i 26 kommunar landet rundt.

Inntektene auka med om lag 25 prosent til nær 19 millionar kroner. 18 400 gjester og 250 000 unike nettstadbrukarar nytta tenestene frå Nynorsk kultursentrum i fjor. I desember runda dermed den nasjonale kulturinstitusjonen på Sunnmøre 3 millionar gjester og brukarar frå og med opninga i 2000.

– Vi fekk utteljing for det vi prioriterte i 2011, samstundes som vi fornya både arbeidsformer og planar, seier Grepstad vidare.

Han er særleg glad for at ideen om eit nasjonalt språkår i 2013 er blitt møtt med entusiasme i mange og ulike miljø. Om få veker får Kulturdepartementet framlegg til ein omfattande og ambisiøs prosjektplan for Språkåret 2013.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...