Heim Nyhende – For dårlege på nynorsk i kommunane

– For dårlege på nynorsk i kommunane

Noregs Mållag meiner kommunalt tilsette bør bli flinkare til å tenke på språket dei brukar.

– Problemet er ikkje talet på nynorskkommunar. Men at dei kommunane som brukar målforma tillét at staten sender ut informasjon på bokmål utan at dei klagar. Det undergrev regimet om å ha nynorsk- og bokmålskommunar, seier leiaren i mållaget, Håvard Øvregård, til NRK Møre og Romsdal.

Øvregård meiner også at viss all informasjon ein får er på bokmål, vil det gjere at nynorsk vert mindre verdt enn språkrivalen.

– Det handlar om folk sin språkkunnskap. For både born og unge er det viktig at dei ser mykje nynorsk for å kunne språket sitt godt. Det handlar om kva slags status ein opplever at språket har, seier Øvregård til NRK.

Det å vere ei nynorsk kommune vil seie at dei set krav til staten om at all informasjon vert sent på nynorsk. Dette er ikkje alltid tilfelle.

I Noreg har 114 av 430 kommunar nynorsk som hovudmålform.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...