Heim Nyhende Nynorsk-motvilje i Harstad

Nynorsk-motvilje i Harstad

Språkrådet refsar Høgskolen i Harstad for manglande nynorsk-bruk. Høgskuledirektør Karl Erik Arnesen uttaler at han ikkje har sans for å bli tvungen til å skrive nynorsk.

Språklova slår fast at minst 25 prosent av skriftleg offentleg materiale på papir og nett skal vere på nynorsk.

Høgskolen i Harstad har fått fleire purringar frå Språkrådet på sin manglande bruk av nynorsk.

– Stadige purringar har ikkje gitt resultat. Det kan vitne om ein sterk motvilje ved skulen, seier fagkoordinator i Språkrådet, Nina Teigland, til NRK Nordnytt.

– Sjølv om Harstad ligg geografisk utanfor det nynorske kjerneområdet, så har dei vel studentar frå heile landet, held ho fram.

Språkrådet har nå sendt brev til kunnskapsdepartementet for å få fart på nynorskbruken ved høgskulen. Høgskuledirektør Karl Erik Arnesen er ikkje begeistra for kravet om å bruke minst 25 prosent nynorsk.

– Nei, eg synest ikkje noko om det. Eg har ingen sans for at ein skal bli tvungen til å skrive eit språk når hovudspråket vårt er bokmål, seier han til NRK Nordnytt.

Sjølv om han er motvillig og sjølv om han kan fortelje at nynorsk-kompetansen ved høgskulen er liten, har høgskuledirektøren ikkje noko anna val enn å følgje kravet.

– Vi held oss til lova, og vi skal også oppfylle ho, seier Arnesen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...