Heim Nyhende Bokmålsmjølk frå nynorskland

Bokmålsmjølk frå nynorskland

Tine serverer mjølk frå gardar i nynorskfylket Sogn og Fjordane innpakka i bokmål.

Sidan 9. januar har TineMelk levert mjølk frå Tine sine gardar i den regionen der forbrukarane bur. To av dei fire gardane som er valde ut til å pryde mjølkekartongane på Vestlandet er Brekke gard i Oppstryn og Kringla gard i Naustdal  – begge ligg i Norges nynorskfylke nummer ein, Sogn og Fjordane, skriv Sunnmørsposten.

Sagstad gard i Meland utanfor Bergen, og Sæleset gard i Hardanger er dei to andre vestlandsrepresentantane. Berre sistnemnde blir presentert på nynorsk, dei andre tre er kledde i bokmålsdrakt.

– Det du peikar på er eit dilemma for Tine. Vi er klare over at Vestlandet er ein region der målform betyr ein god del, og har difor bestemt at ein av mjølkevariantane til ei kvar tid skal framstå i nynorsk drakt, seier kommunikasjonssjef i Tine Vest, Olav Håland, til Sunnmørsposten.

– Kvifor bare ein variant? Kva med dei to gardane Brekke og Kringla i Sogn og Fjordane? Det er vel ikkje spesielt truverdig å presentere dei på bokmål, spør lokalavisjournalisten.

– Eg ser poenget, men då måtte vi køyrt nynorsk på alle fire variantane. Som resultat av ei totalvurdering har vi vald nynorsk på ein kartong. I Bergens-området er det ikkje så mange som har nynorsk som hovudmål.

Han ønskjer å få fram at Tine er litt medvitne når det kjem til målform, og ser ikkje bort ifrå at dei ved eit seinare høve kan kome til å bruke nynorsk på ein annan enn skummakartongen – som er første nynorsking ut i det nye regionkonseptet.

Den «nye» mjølka har bare vore i butikkane i litt over ei veke, og Håland har ikkje mottatt reaksjonar på målform-fordelinga ennå.

– Men vi er førebudde på at det kjem. Kanskje spesielt frå Sogn og Fjordane.

– Hjelper det at folk protesterer då, spør Sunnmørsposten.

– Planen er å rullere med nye bønder etter kvart, og då vil nok målform bli tema på nytt. Mulegheita for forandring er der i alle fall, avsluttar Håland.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...