Jens Kihl sitt engasjement som prosjektleiar for Språkåret 2013 er over. Nynorsk kultursentrum hadde håpa han ville halde fram, men Kihl vel å fullføre sosiologi-studia.
– Eg har hatt eitt halvt år permisjon frå studia for å skrive utviklingsprosjektet for Språkåret 2013. Eg lurte på om eg skulle halde fram med språkåret, men vil heller vere 26 når eg er ferdig utdanna enn 30, seier Jens Kihl til lnk.no.
Nå er planen å vere ferdig utdanna i løpet av 2012.
– Vi er godt nøgde med jobben styringsgruppa og Jens Kihl som sekretær for styringsgruppa har gjort for Språkåret. Vi har store ambisjonar for språkåret og det speglar seg i rapporten vi har fått frå styringsgruppa, seier direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.
Han ville gjerne hatt Kihl med i det vidare arbeidet for Språkåret 2013. Førstkomande fredag skal styret i Nynorsk kultursentrum handsame rapporten frå styringsgruppa. Resultatet av denne handsaminga blir offentleg 1. februar. Kulturdepartementet får vedtaket frå styret i Nynorsk kultursentrum dagen før.
Dei siste månadane har vore travle for Jens Kihl.
– Eg har hatt møte med mellom 70 til 100 forskjellige aktørar. Det har vore møte med teater, organisasjonar, bedrifter, forlag, kunstnarar, kommunar, fylkeskommunar, departement og mange fleire, fortel Kihl.
Styringsgruppa gjekk for nokre veker sidan inn for den 60 sider lange rapporten som blei resultatet av alle desse møta.
– Det var godt å få gjere rapporten ferdig, slik at eg veit at mannen eller kvinna som tar over arbeidet med Språkåret 2013 er godt førebudd for det vidare arbeidet, seier Kihl.
Han kan fortelje at det er store og allsidige planar for Språkåret som ligg føre.
– Vi har budsjettert for opp mot 16 millionar kroner til dei ulike arrangementa, seier den avtroppande prosjektleiaren.
– Vi søkjer staten om desse 16 millionane, og kva statlege midlar som blir løyva blir avgjerande for storleiken av Språkåret 2013. Det er likevel så mange interessentar at det ikkje bare blir dei statlege bidraga som blir avgjerande for språkåret, kan leiar i styringsgruppa, Grete Riise, fortelje. Riise var leiar av nemnda som reviderte nynorskrettskrivinga i fjor vår.
Les meir om kva Språkåret 2013 vil innehalde i LNK-avisa!