Heim Nyhende Bokmelding: Eit nynorsk skattkammer

Bokmelding: Eit nynorsk skattkammer

Denne boka gir oss heile den 125 år lange historia om Norsk Barneblad, frå 1887, då den unge Kristen Stalleland frå Grimstad gjerne ville gi borna noko å lese på sitt eige mål, landsmålet, og dermed starta opp bladet Sysvorti, og fram til den moderne utgåva av bladet i dag.

Det er ikkje småting det er snakk om, dei ordinære nummera har eit samla sidetal på meir enn 40 000 sider, og det har kome meir enn 140 teikneseriehefter og i overkant av 240 bøker, skriv forfattar Eirik Helleve i jubileumsboka.

I dag som tidlegare er den viktigaste oppgåva til bladet å gi borna lesestoff på nynorsk. Noko har likevel endra seg, skriv Helleve. I dag er det fleire teikneseriar enn før, samstundes som det er meir artiklar enn skjønnlitteratur. I følgje Helleve har bladet framleis mest sympati med landsbygda, men det også kjem tydeleg fram at ungdom i by og bygd har like interesser.

Boka er detaljert og vil gi dei fleste lesarane overraskande fakta og historier. Ho er oversiktleg og kan til tider nesten minne om eit oppslagsverk, der både bladet si historie og redaktørane av bladet blir grundig presenterte. Her møter me mellom andre Rasmus Løland, Klaus Sletten, Paal Kjilland, Olav Norheim og sitjande redaktør – og den første kvinnelege – Nana Rise-Lynum. Dei har alle sett sitt preg på Norsk Barneblad gjennom tidene.

Bladet har hatt generasjonar av lesarar, og i jubileumsboka møter ein att både sitat, utdrag, bilete og framsider frå den innhaldsrike historia. Helleve stiller vidare spørsmålet om Norsk Barneblad vart ei stormakt, slik Stalleland drøymde om tidleg på 1900-talet. Han slår fast at bladet i alle fall har vore viktig for mange – og om det ikkje har same posisjonen i dag som før, så er det framleis eit viktig blad.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...