Heim Nyhende Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

Styret i Nynorsk kultursentrum handsama innstillinga frå styringsgruppa i Språkåret 2013 fredag 27. januar. Prosjektplanen og budsjettet blei på alle punkt i samsvar med tilrådinga frå styringsgruppa.

– Styringsgruppa og prosjektleiar har gjort eit veldig godt arbeid med prosjektplanen. Styringsgruppa som representerer breidda i det norske kulturlivet sørgjer for å gi planane for Språkåret 2013 legitimitet. Prosjektleiar Jens Kihl har utløyst mykje entusiasme for prosjektet både i styringsgruppa, men også i dei miljøa han har vore i kontakt med. Denne legitimiteten og entusiasmen kan ikkje bli vedtatt, dei må bare vere der, seier ein nøgd direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.

Desse har vore med i styringsgruppa: Leiar Grete Riise, seniorrådgivar Fylkesmannen i Hordaland, Bodil Aurstad, språkkoordinator Nordisk ministerråd, Ola E. Bø, dramaturg Det Norske Teatret, Torbjørn Røe Isaksen, stortingsrepresentant Høgre , Camara Joof, musikar , Aili Keskitalo, leiar Norske Samers Riksforbund, Janne-Kristin Svarstad Nygård, leiar Norsk Målungdom, Vigdis Moe Skarstein, nasjonalbibliotekar Nasjonalbiblioteket og Arnfinn Muruvik Vonen, direktør Språkrådet.

Eit mangfaldig år

I prosjektplanen for Språkåret går det fram at det er seks hovudarrangement i 2013. Det heile startar med opningsarrangementet i Kristiansand 2. januar. Elles er det Dei nynorske festspela i juni, Ivar Aasen sin 200-årsdag i august, folkefest i Oslo i oktober, verdskonferanse i Tromsø i november og avslutningsarrangement i Ivar Aasen-tunet i desember.

Prosjektplanen nemner elles 82 planlagde arrangement, som strekkjer seg frå amatørteaterfestival, diktardagar, 100-årsjubileum for Hotell Bondeheimen, kampanje om statsspråk, mobilapplikasjonar for språkhjelp, pedagogisk nettprogram for lærarar, språket i norsk rock, teaterfestival på Det Norske Teatret til samisk språkkonferanse for å nemne nokre.

– Dette har eg sett fram til i 10 år. Vi byrja først å tenke på eit språkår i 2002. Ideen blei forma i 2007. Dei som syntest Ivar Aasen-året i 1996 var kjekt, har noko å glede seg til, for dette blir endå kjekkare, slår Grepstad fast.

Den totale prislappen for Språkåret 2013 blir på 19 millionar kroner. 2,1 millionar kroner har prosjektet allereie fått. Desse midlane blei nytta i fjor og skal også nyttast i år.

– Det har vore veldig kjekt å få dei midlane vi allereie har fått frå departementet, for det seier at dette er noko dei ønskjer. Nå er spørsmålet bare kor stort det blir, seier kultursentrum-direktøren.

Prosjektplanen legg til rette for at arbeidet med Språkåret krev tre tilsette. Først skal prosjektleiar-stillinga lysast ut, så skal prosjektsekretæren på plass.

Treng ny prosjektleiar

– Korleis skal prosjektleiaren for Språkåret 2013 vere?

– Det må vere ein person som tåler den trøkken det kjem til å bli med eit så stort prosjekt. Det må vere ein person som kan ta vare på den tilliten som allereie er etablert og som kan vere med å gjere at arbeidet med Språkåret når endå fleire miljø. Eg kan love ein spennande, givande og utfordrande jobb, seier Grepstad.

Tidlegare prosjektleiar Jens Kihl valde ikkje å halde fram etter at engasjementet hans gjekk ut nå i januar. Årsaka er at han ønskjer å fullføre sosiologi-studia sine.

Sjølv om Språkåret er avgrensa til eitt spesifikt år, er målet til Nynorsk kultursentrum at noko skal leve vidare etter at året er omme.

–Vi håpar at språkåret skal vere med å endre tankar og haldningar varig. Vi veit at det er krevjande, men det trengst, konstaterer Ottar Grepstad.

Nå skal Nynorsk kultursentrum avtale møte med Kulturdepartementet, samt andre statlege instansar som kulturkomiteen og utdanningskomiteen på stortinget. Prosjektplanen blir også sendt til alle dei politiske partia.

– Vi skal gjere det muleg for styresmaktene å prioritere Språkåret 2013, sluttar Grepstad.


DETTE ER SPRÅKÅRET 2013 (Frå prosjektplanen):

Språkåret skal vere eit allspråkjubileum med nynorsk grunnlag. Utgangspunktet er 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Med Språkåret 2013 blir for første gong også bokmålet feira nasjonalt, saman med samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk.

Språkåret 2013 jobbar ut frå fem mål:

– Skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept for den språkdelte norske kulturen.

– Gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen.

– Få fram meir kunnskap om, og skape større respekt for urfolkspråk, minoritetsspråk, innvandararspråk og teiknspråk.

– Setje den norske språksituasjonen inn i internasjonale og samanliknande perspektiv.

– Skape breiare kontakt mellom språkpolitiske aktørar med felles interesser på tvers av språkgrenser og etnisitet.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...