Heim Nyhende Konsesjonsmynde til kommunar

Konsesjonsmynde til kommunar

I dag tar det opptil seks år å få konsesjon frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til å byggje småkraftverk. Frp vil la einskilde kommunar få mynde til å handsame slike søknader.

NVE har for tida 728 vassdragsprosjekt og 10 vindkraftprosjekt til handsaming, ifølgje Nationen. Småkraft, definert som prosjekt mindre enn 10 megawatt (MW) utgjer åleine om lag 600 søknader.

– Vi kjem til å fremje forslag om at regjeringa set i gang eit prøveprosjekt der nokre kommunar får konsesjonsmynde for utbygging av småkraft, seier Henning Skumsvoll i Framstegspartiet til Nationen. Han sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget og er Frp sin talsmann for fornybar energi.

Grensa skal ikkje setjast lågare enn 3 MW. Frp ser føre seg at prosjektet skal vare i fire år, i i mellom fem til ti kommunar. Målet er å redusere sakshandsamingstida og gi kommunane meir makt. Skumsvoll peikar på at det må følgje pengar med for å byggje kompetanse innanfor saksområdet.

Dagleg leiar i Småkraftforeininga, Henrik Glette, er takksam for at Frp har kome med forslag til konkrete grep for å få ned handsamingstida, men er likevel skeptisk til forslaget.

– Kommunane har ikkje kompetanse til å ta over dette ansvaret. Vasskraftkomptetansen sit i NVE. Vi opplever NVE som konstruktive, men dei må få meir ressursar, seier han til Nationen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...