Heim Nyhende – Godt grunnlag for folketalsvekst

– Godt grunnlag for folketalsvekst

Kommunal-og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) meiner lokale og regionale styresmakter har mykje å lære av Distriktssenteret sin rapport som viser kvifor innvandrarar vel å bli buande i distrikta. Innvandrarane sjølve nevner språkopplæring som eit verkemiddel. 

På oppdrag frå Distriktssenteret og Integrerings-og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har Norsk Institutt for By-og Regionforskning (NIBR) kartlagt kvifor innvandrarar blir buande i distriktskommunar. Målet med kartlegginga har vore å få fram innvandrarane sine eigne erfaringar om kva som påverkar deira val om å bli buande i distrikta, ein ville også sjå på i kva grad innvandrarar får bidra med ressurasar og om aktiv deltaking påverkar bulysta.

Les også: Distriktskommunane utnyttar ikkje moglegheitene mangfald gir

– Om lag 60 distriktskommunar opplevde vekst i folketalet i 2011 på grunn av innvandringa. Det er stort potensiale i denne mangfaldige gruppa for kommunar med mål om god folketalsutvikling, seier kommunal-og regionalminiser Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Innvandrarane sjølve har kome med forslag som velkomstbrev, målretta nettsider og betre og billigare språkopplæringstilbod som døme på korleis integreringa kan gjennomførast. Og dei vil ikkje har særordningar, men bidra med dei ressursane dei har.

– Rapporten gir eit interessant tilskot til å forstå kva som skal til for å inkludere innvandrarar i små lokalsamfunn. Den kan hjelpe til med å gjere tydeleg kva som må til for å auke opplevinga av bulyst for denne mangfaldige gruppa, seier Navarsete.

 

Førre artikkelVegen vidare
Neste artikkelMobiliserer motstand

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...