Heim Nyhende Festspel med song

Festspel med song

Song blir tema på dei nynorsk festspela, som fyller 20 år dette året. No er programmet klart

Det blir mellom anna lynkurs i songskriving, samtalar om litteraturen i songtekstane, foredrag om Aasen-songane og konsertar med songar frå minst tre hundreår, og ikkje minst får ein merke at Arne Moslåtten er festspeldiktar dette året.

– Med Moslåtten som festspeldiktar gir vi songlyrikken den plassen denne dikte- og brukskunsten fortener i norsk litteratur, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Moslåtten er tekstforfattar og musikar i Hellbillies, og den svært populære gruppa held stor opningskonsert, utandørs i Vikeparken i Ørsta sentrum.

Tunkatten Lurivar får dessutan heilt nye songar i nettsongboka si, med tekstar av Jon Fosse og musikk av Gabriel Fliflet. Under Festspela blir det urframføring av songane, og den er det Flilfet og Benedicte Maurseth som står for.

60-årsjubilant Ragnar Hovland skal også i elden, i samtale med kulturredaktør Jan H. Landro. Det blir ein times samtale heilt blotta for ironi, spår programmet.

Dei nynorske festspela er ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen og blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 28. juni til søndag 1. juli.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...