Heim Nyhende Kjempar for nynorsk trusopplæring

Kjempar for nynorsk trusopplæring

Kyrkja får kritikk for lite nynorsk i trusopplæringa. Målrørsla håpar eit eige lovverk skal sikre borna eit nynorsk tilbod.

Nynorsk trusopplæring

Noregs Mållag vedtok på landsmøtet i 2010 ei fråsegn om å krevje meir nynorsk i trusopplæringa.

Ei aksjonsgruppe som kallar seg Språkleg rettferd i trusopplæringa har arbeidd med dette. Blant anna overleverte dei fråsegna og underskrift frå dei omlag 100 sokneråda som har slutta seg til oppropet, til direktør i Kyrkjerådet, Jens-Petter Johnsen.

Saka skal opp på Kyrkjerådet sitt møte i juni.

Kristine Aksøy er seksjonsleiar for barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet og viser til at Kyrkjerådet har motteke eit opprop frå gruppa Språkleg rettferd i trusopplæringa om meir nynorsk i trusopplæringa, og at denne saka no er under førebuing og skal handsamast på rådet sitt møte i juni.

I fråsegna som vart overrekt Kyrkjerådet, blir det peika på at det er viktig at alle barn og unge får trusopplæring og materiell på sitt eige hovudmål. Dei viser til jamstellingskravet skulen har, og ynskjer at undervisningsmateriellet som er knytt til trusopplæringa, får same krav om å liggje føre både på bokmål og nynorsk til same tid og til same pris.

Gruppa meiner det er særs viktig at born og ungdom får høyre, lese og framføre tekstar på nynorsk. Likeeins er det viktig at dei får høve til å syngje på nynorsk. Kravet til jamstelling må gjelde trusopplæringsmateriell produsert av IKO, Søndagsskuleforbundet og andre frivillige organisasjonar.

Gruppa sende hausten 2010 ut brev til bispedømeråd og sokneråd med spørsmål om tilslutning til fråsegna om nynorsken sin plass i trusopplæringa. Brevet vart sendt til alle bispedømeråd, alle sokneråd i bispedøma i Stavanger, Bjørgvin og Møre og nokre sokneråd med nynorsk kyrkjemål i andre bispedøme. Rundt 100 sokneråd har slutta seg til fråsegna, og fem bispedømeråd, Oslo, Bjørgvin, Møre, Nidaros og Stavanger, har vedteke fråsegna eller deler av den. Kyrkjerådet er no bedt om å slutte seg til fråsegna.

Vil stille krav
Kyrkjerådet er positive til intensjonen om at barn og unge bør få materiell og opplæring på hovudmålet sitt. Når det gjeld materiell som per i dag blir sendt frå Kyrkjerådet til breidda av målgruppa, blir mykje av det produsert på både bokmål og nynorsk. Dette gjeld til dømes konfirmantbrosjyren, som blir sendt direkte til alle i årskullet, og programpakkane til breiddetiltaka LysVaken og Tårnagentane. Og mellom anna er trusopplæringsplanen og nettstadar som Konf.no å finne både på bokmål og nynorsk, skriv Aksøy i ein epost.

På spørsmål om kvifor nettsida Barnogtro.no ikkje er på nynorsk, svarer ho dette:

– Nettstaden Barnogtro.no er utvikla av Nordberg kyrkjelyd i Oslo på bakgrunn av tildeling av forsøks- og utviklingsmidlar frå Kyrkjerådet. Målsetjinga var å prøve ut digital kommunikasjon og relasjonsbygging mellom kyrkjelyd og dåpsforeldre, fadrar og barn. Då dette i første omgang

var for Nordberg kyrkjelyd sine medlemmar, blei målform ikkje løfta fram som eit tema. Ansvaret for nettstaden er nå overført til Kyrkjerådet og marknadsført på Kyrkja.no, i tillegg til at kyrkjelydar kan vise til Barnogtro.no på sine lokale nettstader. Vi er i ein mellomfase, der innhaldet på Barnogtro.no skal reviderast, og nettstaden skal lanserast på nytt i andre halvår 2012. I den samanheng er det naturleg å publisere innhald der på begge målformer.

Aksøy meiner det er ei viktig oppgåve å leggje til rette for at dei som deltek, får trusopplæring og trusopplæringsmateriell på sitt hovudmål. Gjennom nasjonale og regionale tildelingar i trusopplæringa blir det gjeve støtte til ulike prosjekt som munnar ut i skriftlege publikasjonar. Til no har det ikkje vore eit krav til dei som har fått slik støtte, at dersom dei produserer materiell retta mot barn og unge, skal det vere både på bokmål og nynorsk. Aksøy legg vekt på at Kyrkjerådet for å bøte på dette vil stille krav til dei som får støtte til produksjon av trusopplæringsmateriell som er retta mot breidda av barn og unge, om at dei må jamstelle produksjonane for å kunne ta i mot støtte.

Kyrkjerådet vil i 2012 lage ei utgreiing om kva konsekvensar ei jamstilling av språka vil få for dei som produserer materiell og bøker til trusopplæringa, og kva ein kan finne av støtteordningar, for å stimulere til å gje ut publikasjonar på både bokmål og nynorsk samstundes.

Viktig å møte nynorsk 
Helga Hjetland er tidlegare leiar av Utdanningsforbundet og no styremedlem i Noregs Mållag. Ho har også vore med i aksjonsgruppa Språkleg rettferd i trusopplæringa. Ho meiner det kan vere mange grunnar til at det er meir materiell på bokmål enn på nynorsk i trusopplæringa.

– Det kan vere at det er få nynorskskribentar innanfor dette området, eller at det er lite medvit hjå forlaga om godt omsetjingsarbeid frå bokmål til nynorsk. Ein del av det materiellet me har på nynorsk, er diverre prega av dårleg omsetjingsarbeid frå bokmål. Forlaga tenkjer vel også økonomi og at det er færre som kjøper nynorskmateriell, eller det kan vere store produksjonskostnadar. Kanskje ein ikkje trur det er så viktig med språket i trusopplæringa? spør ho.

Ho meiner språk er viktig, og at språk også handlar om røter, identitet, nærleik og kjennskap.

– Det er viktig at borna får møte og arbeide med like godt og spanande trusopplæringsmateriell på nynorsk som på bokmål, slår ho fast.

Så langt har arbeidet handla om møter med IKO og med Kyrkjerådet.

– Me møter stor forståing og stor velvilje, men det går seint med å omsetje velviljen til handling. Me har også planar om møte med kyrkjestatsråden for å samtale med henne om trusopplæring og tilgang på nynorsk materiell. Me vil også fylgje opp samtalen me har hatt med direktøren i Kyrkjerådet.

Ho viser til at mange sokneråd har skrive under på fråsegna om nynorsk i trusopplæringa, og at fleire vil få ei påminning om å skrive under.

– Det er viktig at også kyrkjelydane og trusopplæringsmedarbeidarar vert meir medvitne om å leite etter det som alt finst på nynorsk, og bruke det aktivt. Me vil ikkje nå fram med kravet dersom me ikkje brukar det som faktisk finst og har god nok kvalitet.

Etterlyser finansiering
IKO gjev ut utdelingsmateriell, bøker, songbøker, cd-ar og filmar som kyrkjelydar og skular kjøper og deler ut. Dei sel òg gjennom bokhandlar og direkte til sluttkundar. Dei har vidare ein eigen dåpsklubb som fungerer som ein bokklubb. IKO opplyser at om lag 60 prosent av utgjevingane deira er på bokmål, 20 prosent på nynorsk, 10-12 prosent er blanda målform og ein liten prosent er materiell på andre språk eller utan tekst. Skriftleg materiell som er til utdeling, blir publisert på båe målformer når det er nytt, medan oppdateringa av dei skjer når den einskilde utgåva er utseld, melder forlaget. Når det gjeld materiell til dåpsklubben, seier forlaget at fordelinga representerer medlemsmassen; om lag 80 prosent finst på bokmål og 20 prosent på nynorsk.

IKO-forlaget er klar over at det finst krefter som ønskjer at volumet av nynorskutgjevingar var monaleg større.

– Vi får ein del førespurnader frå nynorskorganisasjonane om dette og frå medvitne gjevarar i dåpsklubben, seier forlagssjef Heidi Jannicke Andersen til LNK-avisa. Ho meiner forlaget har eit godt volum av nynorske utgjevingar, men skulle gjerne gjeve ut meir på nynorsk.

– Inntekta vår kjem vesentleg frå sal av bokmålsmateriell, seier forlagssjef Heidi Jannicke Andersen. – Nynorskmateriellet står for om lag 12 prosent av omsetninga vår.

Skal forlaget satse sterkare på nynorskutgåver, må fleire spørje etter det, og salet må opp, seier ho. – Det kan ein sjølvsagt ikkje krevje. Men enno viktigare er det at ein måtte få ei finansieringsløysing som gjer det enkelt for oss å søkje, og som dekkjer dei reelle kostnadane vi har med å produsere nynorske utgjevingar. Skal ein først etablere ei slik ordning, meiner vi ho måtte dekkje dei målformer og språk vi har i landet.

Førre artikkelFestspel med song
Neste artikkel– Kyrkja må ta ansvar

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...