Heim Nyhende – Kyrkja må ta ansvar

– Kyrkja må ta ansvar

Magne Skjeldal var medlem i Bjørgvin bispedømeråd frå 2002 til 2012, dei siste seks åra som leiar. Han meiner det er fleire årsaker til at det er relativt lite nynorsk materiell i trusopplæringa.
IKO-forlaget, som truleg er dei som produserer mest materiell, er ei eiga stifting og har ansvaret for sin eigen økonomi. Dei peikar på at det ikkje er økonomi til gje ut alt både på bokmål og nynorsk. Frå Kyrkjerådet si side er der kanskje vilje til begge målformer, men det skortar mykje på evna til å produsere god nynorsk. Mykje materiell ber preg av at ord for ord er blitt omsett frå bokmål. Noko handlar også om at for få nynorskforfattarar og komponistar har fått oppdrag i å vere med på å utarbeide materiell, seier han.
Skjeldal meiner ein treng prioritering av budsjettmidlar for å styrkje nynorsken og ikkje minst ei bevisstgjering frå dei som produserer.
I høve dette med eit eventuelt lovverk så er ein jo midt i ein prosess med å skilje stat og kyrkje. Eg meiner at kyrkja sjølv må få vedta si eiga ordning av sine eigne organ, og at Stortinget i minst mogleg grad må detaljstyre i ei ny kyrkjelov. Slik sett er eg i tvil om det no er rett å kjempe for eit statleg lovpålegg, eg meiner det er betre at kyrkja sjølv tek ansvaret for nynorsken òg.
Han vil ikkje samanlikne materiellet i trusopplæringa med lærebøkene i skulen.
Dette er meir ressurs- og støtterelatert, vil eg meine. Det er det enkelte soknet som utarbeider sin plan for trusopplæringa, og her skal ein jo leggje vekt på den lokale identiteten, som det heiter i Plan for trusopplæring. Dette vil òg innebere at språkbruken er bevisst, slik eg ser det.
Seniorrådgjevar Ragnvald Berggrav i Fornyings- , administrasjons- og kyrkjedepartementet viser til at det er Kyrkjerådet som har fullt ansvar for innhaldet i trusopplæringa, og som difor må stå til ansvar for alle språklege utfordringar.
– Det er stor merksemd frå enkelte for meir nynorsk i trusopplæringa, Kyrkjerådet har god trening i å svare på slike spørsmål og er rette vedkommande, seier han.
Leiar i Krf, Knut Arild Hareide har tidlegare vore ute og peika på at det er for lite nynorsk i trusopplæringa.
Eg veit ikkje kvifor det ikkje er meir materiale på nynorsk. Det er kyrkja sjølv som utformar tekstane og lagar opplegget. Eg meiner det er viktig å få trusopplæringa på si eiga målform, seier han.
Men Krf vil ikkje leggje seg bort i korleis eit trussamfunn organiserer si eiga trusopplæring, sjølv om Hareide gjerne skulle sett at det vart brukt meir nynorsk. Han vil heller ikkje ha på plass eit eige lovverk for å sikre nynorsken i trusopplæringa.
Kven bør ein påverke?
Lokale kyrkjelydar og bispedøme bør påverkast. Trusopplæringssekretariatet er ein viktig premissleverandør for opplegget. Kontakt gjerne dei for å synleggjere det rike mangfaldet i nynorsk målform.

– Eg meiner kyrkja må ta ansvar for nynorsken, og at Stortinget i minst mogleg grad må detaljstyre i ei ny kyrkjelov,  seier Magne Skjeldal. Noko Krf-leiar Knut Arild Hareide seier seg samd i.

Magne Skjeldal var medlem i Bjørgvin bispedømeråd frå 2002 til 2012, dei siste seks åra som leiar. Han meiner det er fleire årsaker til at det er relativt lite nynorsk materiell i trusopplæringa.

– IKO-forlaget, som truleg er dei som produserer mest materiell, er ei eiga stifting og har ansvaret for sin eigen økonomi. Dei peikar på at det ikkje er økonomi til gje ut alt både på bokmål og nynorsk. Frå Kyrkjerådet si side er der kanskje vilje til begge målformer, men det skortar mykje på evna til å produsere god nynorsk. Mykje materiell ber preg av at ord for ord er blitt omsett frå bokmål. Noko handlar også om at for få nynorskforfattarar og komponistar har fått oppdrag i å vere med på å utarbeide materiell, seier han.

Les også : Kjempar for nynorsk trusopplæring

Skjeldal meiner ein treng prioritering av budsjettmidlar for å styrkje nynorsken og ikkje minst ei bevisstgjering frå dei som produserer.

– I høve dette med eit eventuelt lovverk så er ein jo midt i ein prosess med å skilje stat og kyrkje. Eg meiner at kyrkja sjølv må få vedta si eiga ordning av sine eigne organ, og at Stortinget i minst mogleg grad må detaljstyre i ei ny kyrkjelov. Slik sett er eg i tvil om det no er rett å kjempe for eit statleg lovpålegg, eg meiner det er betre at kyrkja sjølv tek ansvaret for nynorsken òg.

Han vil ikkje samanlikne materiellet i trusopplæringa med lærebøkene i skulen.

– Dette er meir ressurs- og støtterelatert, vil eg meine. Det er det enkelte soknet som utarbeider sin plan for trusopplæringa, og her skal ein jo leggje vekt på den lokale identiteten, som det heiter i Plan for trusopplæring. Dette vil òg innebere at språkbruken er bevisst, slik eg ser det.

Leiar i Krf, Knut Arild Hareide har tidlegare vore ute og peika på at det er for lite nynorsk i trusopplæringa.

– Eg veit ikkje kvifor det ikkje er meir materiale på nynorsk. Det er kyrkja sjølv som utformar tekstane og lagar opplegget. Eg meiner det er viktig å få trusopplæringa på si eiga målform, seier han.

Men Krf vil ikkje leggje seg bort i korleis eit trussamfunn organiserer si eiga trusopplæring, sjølv om Hareide gjerne skulle sett at det vart brukt meir nynorsk. Han vil heller ikkje ha på plass eit eige lovverk for å sikre nynorsken i trusopplæringa.

– Kven bør ein påverke?

– Lokale kyrkjelydar og bispedøme bør påverkast. Trusopplæringssekretariatet er ein viktig premissleverandør for opplegget.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...