Heim Nyhende Vestlandsikonet

Vestlandsikonet

Ragnar Hovland meiner det er ubehageleg å snakke om seg sjølv. Då han fylte 60, hadde han likevel ikkje lenger noko val.

Det har gått ein månad. Ein månad sidan vestlandsforfattaren og nynorskikonet Ragnar Hovland runda 60. Sjølve dagen feira han heime hjå seg sjølv, med marokkansk suppe og vin, saman med den nærmaste familien.

– Mor mi heldt ein tale for jubilanten, og eg sjølv heldt ein tale for familien. Der fortalde eg blant anna til dei at eg sette pris på dei, noko som truleg kom som ei overrasking på enkelte, seier han.

Kontrasten er stor til det som skjedde på Logen Teater i Bergen nokre veker tidlegare. Då vart det invitert til ope hus og svevande 60-årsfeiring i jubilanten si eiga ånd, med musikk, ord, kjærleik, bannskap, bøn og bar i følgje Facebook-skildringa av bursdagsfeiringa. Ein skulle tru dei fleste ville rette ryggen litt ekstra ein slik kveld, nyte rampelyset og kose seg med merksemda. Men ikkje Hovland.

– Å vere midtpunktet her er både flaut og pinleg, men når det er sagt, er det ei ære også, uttalte han til Vestlandsrevyen på festkvelden.

Og no, ein månad inn i 60 åra, skildrar Hovland det som å leve i ein skrekkfilm.

60-årsfeiringa vart også bakteppet for boka Ler dei no, så har eg vunne, som forfattarane og venene Finn Tokvam og Halvor Folgerø gav ut i vår. Her presenterer dei både skakande avsløringar og upubliserte tekstar skrivne av Hovland. Alt føregår på ei reise til Berlin.

– Korleis var det å gå på kafé med desse mørkkledde karane, som dei skildrar seg sjølve, og opne seg som privatperson? Du har ikkje gjort så mykje av det før?

– Nei, eg har ikkje det, og det er først og fremst ubehageleg å snakke om seg sjølv, særleg over så lang tid. Men intervjuarane er jo hyggelege og vennlege folk, og det var ikkje så vanskeleg å seie stopp når det var emne eg ikkje ville snakke meir om. Så det var ein blanding av lystig sosialt samvær og pinebenk.

Tokvam og Folgerø byrjar å bli ganske godt kjende med Hovland. Mykje på grunn av raude velurdressar og ein revyscene. Det heile starta i Bergen i 2007, då Olav Stedje, Ragnar Hovland, Claus Sellevold, Halvor Folgerø og Finn Tokvam starta opp eigen revy med basar. Året etter vart det turne, og i 2011 kom Vestlandsrevyen II.

– Det har vore eit slit, men også ei stor glede. På eitt eller anna tidspunkt i livet mitt oppdaga eg, til mi overrasking, at eg hadde glede av å stå på ein scene. Og det er ikkje minst ei glede å gjere ting saman med flinke folk, slår Hovland fast.

– Du er musikar?

– Det skal ingen få skulde meg for. Men eg er såpass habil på opptil fleire instrument at eg kan spele både åleine og saman med andre utan at det høyrest heilt forferdeleg ut. Og slik har eg fått vore med på ting eg aldri hadde tenkt eg skulle vere med på.

Hovland debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Til saman har det blitt 40 utgjevingar, både for barn og vaksne, i mange ulike sjangrar. Unge Hovland hadde tålt mange avslag frå forlaga før gjennombrotet kom på Samlaget – takka vere Einar Økland, som den gong var konsulent og alvorleg sjuk av kusma. Han såg den særeigne og sjølvstendige stemma og meinte dette var ein forfattar forlaget burde sikre seg.

– Kva har Einar Økland betydd for deg?

– Han betydde svært mykje, ikkje minst fordi eg hadde så stor respekt for han. Og hadde han ikkje gripe inn den gongen, er det ikkje garantert at eg hadde vore forfattar i dag. Det ville i alle fall teke lenger tid. Eg kjende på eit eller anna tidspunkt at eg hadde lyst til å skrive, at det gav meg ei glede. Og så var det ein fin måte å unngå å skaffe seg fast arbeid på. Men eg har aldri på noko tidspunkt bestemt meg for å bli forfattar.

Einar Økland på si side hugsar godt den unge forfattarspira.

– Eg hadde berre møtt han eit par gonger, den eine gongen skulle han og ein annan intervjue meg for tidskriftet Basar. Men han sa ikkje eit einaste ord. Intervjuet kom på trykk, men det var ikkje Hovland sin forteneste, seier Økland og ler.

– Ha, det er ei god historie, men som alle gode historier er ho ikkje heilt sann. Eg skal likevel vedgå at eg sa litt mindre enn den andre intervjuaren. Til gjengjeld var alt eg spurde om, svært klokt, svarar Hovland på Økland si mimring.

– Ragnar Hovland er heilt seg sjølv. Han er sjølvstendig, der er ikkje noko etterlikning, han snakkar ope og ærleg. Han er spesiell, han vart tidleg vaksen, men var likevel barn veldig lenge, fortel Økland. Han meiner litteraturen til Hovland både har den kvardagslege tonen og ein distanse til lesaren, samstundes som ein finn barnslege observasjonar.

– Kva ligg det i begrepet å skrive «hovlandsk»?

– Det er vel ikkje eigentleg opp til meg å definere, men det handlar vel først og fremst om bestemte stilmiddel, bruk av metaforar, bestemte måtar å snakke på, ein slags naivisme, ein viss type humor og melankoli. Noko slikt, vil eg tru? seier forfattaren sjølv.

Hovland meiner humor er noko som oppstår, ikkje noko ein planlegg eller lagar.

– Bøker som inneheld humor, blir ofte vurderte som lette og overflatiske. Men eg kan trygt seie at det er vanskelegare å vere morosam enn å vere alvorleg. Ingenting er lettare enn det siste. Og dei fleste av dei største forfattarane har mykje humor.

– Kva blir du inspirert av?

– Nesten kva som helst. Ting eg høyrer, les eller ser. Bøker, filmar, målarkunst, samtalar. Eg får alltid dei beste ideane når eg er heimafrå, helst ute av landet.

Ja, du reiser mykje. Er du rastlaus?

– Det kan ein trygt seie, og det har eg alltid vore. Men det er også alltid godt å komme heim att.

– Berlin er i ein særstilling. Men kvifor?

– Berlin er no framleis ein av dei mest interessante byane i Europa, og eg har vore her mange gonger. Eg kjenner meg vel her, og det er alltid noko å finne på. Eg har i det heile eit nært forhold til Tyskland, mest på grunn av den første kona mi, som er tysk.

Ragnar Hovland drøymer om å skrive ei bok han er verkeleg nøgd med. I dag er han mest nøgd med å ha skrive og gjeve ut bøker som er såpass langt utanfor allfarvegen, som han kallar det. Og suksessen har vore stor og i mange variantar. Odd Nordstoga har gjort «Kveldsong for deg og meg» kjend ein gong for alle.

– Det var først og fremst uventa. Ikkje at Odd Nordstoga skulle få suksess, den ville ha tvinga seg fram, men at songen skulle slå slik an. Så eg er Odd stor takk skyldig for at han grov denne teksten fram ein gong og deretter tok han med på plate. Og for at han alltid opplyser kven som har laga teksten. Odd er ein gentleman.

Å velje seg ut ei yndlingsbok av sine eigne er ikkje lett. Ei av bøkene som til sutt kjem opp er Ei vinterreise, der forfattaren bruker sin eigen kreftsjukdom via dagboksnotat.

– Om eg skal velje blant vaksenbøkene, må det truleg bli Sveve over vatna og Ei vinterreise. Den første fordi ho på eit vis har levd sitt eige liv og nådd fram til stadig nye generasjonar av lesarar. Ho er ei bok som eg rett og slett er fornøgd med – og litt stolt over at eg slapp unna med noko såpass merkverdig. Ei vinterreise fordi det er ei nokså personleg bok, der eg bruker mine eigne dagboksnotat som del av romanen. Også denne boka nådde mange lesarar, til dels andre enn dei eg hadde frå før. Blant barne- og ungdomsbøkene må det bli Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlét pappkartongen, då det rett og slett er denne eg meiner er best, og den av bøkene mine som har nådd lengst ut i verda, heilt til Kina.

– Har du eit godt råd til ei forfattarspire der ute?

– Å halde ut. Og akseptere at det meste av jobben går ut på å sitje åleine på eit rom og sjå inn i ein naken vegg.

Ragnar Hovland er ein vestlandsforfattar, noko som syner godt igjen i bøkene. Han er fødd i Bergen, men flytta mykje rundt på Vestlandet i oppveksten. Bygdene, dei smale vegane og kulturen er blitt ein del av litteraturen og livet til Hovland.

– Eg har vokse opp på Vestlandet, og eg brukar den geografien eg kjenner best. Det gjer nok dei fleste forfattarar. Mykje av handlinga i dei fleste av bøkene mine går derfor føre seg på Vestlandet, om enn i mytifisert og forstørra versjon.

Hovland gjenkallar eit barndomsminne.

– Eg blei kraftig lurt ein gong, då ein kar som var mange år eldre enn meg, fortalde at vegen hadde rast saman eit par kilometer unna, noko som var sant, og at det hadde skjedd på grunn av nokre kinesarar. Dei hadde halde på med å grave ein tunnel, og så hadde dei kome litt for høgt opp. Dette lærte meg at ein skal vere skeptisk og ikkje automatisk tru på det folk seier.

Om Hovland sin litteratur er kjenneteikna av vestlandsk geografi og veremåte, er han ikkje mindre prega av det nynorske språket.

– Nynorsken er språket mitt, det er vel så enkelt som det. Og utan nynorsken veit eg ikkje om eg hadde skrive bøker. Det hadde i alle fall ikkje vore dei same bøkene.

———————————-

Sjølvmelding

Namn: Ragnar Hovland

Alder: 60

Bur: Oslo

Sivilstatus: Gift

Les: Etter innfallsmetoden. Det som kjem i min veg, og som eg brått kjenner at eg har lyst til å lese nett no. Det eg les minst av, er vel nyare norsk skjønnlitteratur.

Høyrer på: Også det meste. Klassisk, jazz, folkemusikk, pop. Kjem mykje an på humøret.

Førebilete: Svært mange. Nokre av dei viktigaste då eg byrja å skrive: Dylan Thomas, Richard Brautigan, Boris Vian, Arild Nyquist, Einar Økland og Kjartan Fløgstad.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...