Herborg Kråkevik anbefalar Hemingway som sommarlektyre!
Namn: Herborg Kråkevik
Jobbar med: Har nokre forestillingar av Kjære Landsmenn og skal gjere ferdig ein cd i sommar
Kva bok vil du anbefale i sommar: Ein varig fest av Ernest Hemingway
Kva er det med denne boka som gjer at du vil anbefale ho:
– Det er ei vidunderleg bok, der han fortél om den fyrste tida si i som ung forfattar i Paris. Svært interessant og ikkje minst morosam! Viss ein syns eksistensielle problem handsama med stor sjølvironi er morosamt, då….
Ein varig fest kom ut i 1964, tre år etter at Hemmingway døde. Boka fortel om livet i Paris og om møte med andre forfattarar som Francis Scott Fitzgerald, Ezra Pound, Pablo Picasso, James Joyce og Gertrude Stein.