Heim Nyhende Variert bokhaust

Variert bokhaust

I dag la forlagssjef Håkon Komannskog fram Samlaget si haustliste. Forlaget har ti debutantar i år, sju av dei skjønnlitterære. 

 
Olaug Nilssen, Per Inge Torkelsen, Jan Roar Leikvoll, Rønnaug Kleiva, Ingelin Røssland, Kari Stai og Anne Viken er blant namna på forlagets haustliste.
 
Olaug Nilssen er i haust aktuell med bok om familie- og arbeidsliv; Kjøkenbenkrealisme.  Per Inge Torkelsen vil i  boka Humor er ingen spøk heller rose enn å refse. Jan Roar Leikvolls nye sterke, mørke roman Bovara vert lansert i desse dagar og har alt fått gode kritikkar. Rønnaug Kleiva står bak reiseromanen Armenia, Albania, Argentina om ei vestleg kvinne som reiser aleine til feriestader og og farlege utkantområde.
 
Ingelin Røssland har skrive fleire populære ungdomsbøker og debuterer i haust med kjærleiksromanen Kirsebærsnø. Veterinær og samfunnsdebattant Anne Viken bokdebuterer med hesteboka Elise og mysteriet med dei døde hestane.
 
Og Kari Stai kjem med ein oppfølgjar til barnebøkene om Jakob og Neikob, Tjuven slår tilbake
 
– I 2012 er det verdt å minne om at dette språklege mangfaldet og demokratiske utgangspunktet ikkje har kome av seg sjølv, og at det heller ikkje automatisk blir ein viktig del av den norske framtida. Det trengst forfattarar, det trengst lesarar, det trengst ein levande skriftkultur for at dette språklege mangfaldet skal bli meir enn tomme ord, seier Komannskog i ei pressemelding. 
 
Forlagsdirektør Edmund Austigard la i si innleiing vekt på dei endringane forlaget skal gå gjennom dei kommande åra:
 
– Akkurat no er det altså ikkje e-boka og bok-appane som er økonomisk viktige for oss ved det digitale, det er effektiviseringa i arbeidsmåten. Men vi vil gå frå forsvinnade små digitale inntekter i 2012 til betydelege inntekter i løpet av få år. Det er den realiteten vi no skal tilpasse oss gjennom nye, billigare og digitale arbeidsformer.
 
– Den viktigaste grunngivinga for den endringsprosessen Samlaget no går gjennom handlar ikkje om digital og papir, men om kva som må til for at den gode litteraturen skal blomstre. Kva som må til for at lesing og litteratur skal stå like sterkt i dette landet om fem år. Kva som må til for at vi skal behalde den språklege romslegheita og toleransen vi har i dette landet. Alt anna er jo i denne samanheng bagatellar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...