I Sogn og Fjordane nyttar 97 prosent av elevane i grunnskulen og 84 prosent av elevane i vidaregåande skule nynorsk. Men også i dette fylket er nynorsken under press, skriv assisterande fylkesrådmann Gunnar O. Hæreid på fylkesmannsbloggen.
Hæreid listar opp manglande lærebøker, marknadsføring på bokmål og offentlege etatar som ikkje tar mållova på alvor som nokre av trugsmåla.
– Sjølv om dei absolutte tala på nynorskbrukarar er relativt stabile, går prosentdelen av nynorskbrukarar ned fordi folkeauken er sterkare i andre delar av landet, peiker rådmannen på.