Heim Nyhende – Ivar Aasen-feltet er eit godt namn

– Ivar Aasen-feltet er eit godt namn

Olje- og gassfunnet Draupne i den midtre delen av Nordsjøen har i dag fått namnet Ivar Aasen.  Noko Ottar Grepstad gler seg over. 

– Nynorsk er grunnfesta til det norske folkestyret og det moderne samfunnet. Vi gratulerer olje-og energiminister Ola Borten Moe med eit godt og symboltungt namneval, og det passar godt å plassere Johan Sverdrup og Ivar Aasen ved sida av kvarandre ute i Nordsjøen, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. 

Olje-og energidepartementet varsla i petroleumsmeldinga ei endring av praksis for namnsetting av petroleumsfelt på norsk sokkel. Det vart også sett ned ei rådgjevande namnegruppe som består av Karsten Alnæs, Kristin Clemet, Per Egil Hegge og Mari Hauan. 

– Namn på større sjølvstendige utbyggingar har ein signaleffekt utover sokkelen. I dette tilfellet er meininga at Ivar Aasen-funnet skal vitne og minne oss om at det norske folkestyret er tufta på språkleg mangfald, og at det språklege mangfaldet i norsk offentlegheit er eit kjennemerke ved demokratiet vårt gjennom lange tider, seier olje-og energiminister Ola Borten Moe i ei pressemelding. 

Ivar Aasen-funnet ligg i den midtre delen av Nordsjøen, om lag 200 kilometer vest for Stavanger. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...