Heim Nyhende Bussjåfør nektar å køyre i bokmålstrøye

Bussjåfør nektar å køyre i bokmålstrøye

Den nye sjåførtrøya til Nettbuss med teksta «Jeg kjører for deg» får bussjåfør Jens Brekke i Sogn til sende plagget i retur.

 

Trøya passar perfekt, men det gjer ikkje teksten på venstrearmen.

– Det går berre ikkje an i eit nynorskfylke, seier Jens Brekke til Sogn Avis.

Han meiner Nettbuss har bomma kraftig i profileringa av selskapet og sendte tysdag trøya tilbake til busselskapet. I feltet for returårsak skreiv han: «Feil tekst på armen. Skal vera på nynorsk. Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke».

Jens Brekke seier til Sogn Avis at han meiner bommerten er tradisjonell overkøyring av nynorskbrukarane.

– Kan du tenkja for eit oppstyr det hadde vorte om bussjåførane i Oslo hadde stilt i trøyer med teksten «Eg kjører for deg!» Det hadde vorte litt av eit sirkus, seier bussjåføren som har vikariert for Sogn Billag i 40 år.

Det kan likevel ta eit par år før Jens Brekke får oppfylt ønsket om nynorsk sjåførtrøye, opplyser Nettbuss Sogn Billag. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...