Heim Nyhende Fengslande litteratur

Fengslande litteratur

I Odda er dei snart klare for ei fengslande utgåve av Litteratursymposiet. 

Kvar veke viser vi deg eit glimt

frå ein av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Odda

 

73 prosent av dei 6962 innbyggjarane 
i kommunen bur i byen Odda.

Nytt frå Vindafjord:

Fylkesrådmannen tilrår smedskule
Lang tunnel kortar jobbreisa

Aktuelle lenker:

Odda kommune 
Hardanger Folkeblad
Flickr
Facebook

 

 

 I år er det ti år sidan starten på Litteratursymposiet i Odda, det blir markert med eit fengslande tema. 

– Årets tema er fengsla, det kan vere i forhold til straff og kriminalitet, eller det å vere fengsla av kjærleik, natur eller kanskje fengsla av ordet, seier kultursjef i Odda kommune, Nina Kongtorp. 

Litteratursymposiet i Odda blir arrangert 10. -14. oktober 2012. 
Mange deltakarar på årets symposium er alt på plass. Blant dei som deltar for første gong er til dømes Linn Ullmann, Niels Fredrik Dahl, Tom Egeland, Cathrine Grøndahl, Ketil Bjørnstad, Johan Jönson og Maja Ratkje.

Les programmet her

I tillegg kjem mange av dei kjende navna attende til symposiet, som Kjartan Fløgstad, Dag Solstad og Vigdis Hjorth, Pedro Carmona-Alvarez, Trond Espen Seim og Linda Eide og oddaforfattarar som Frode Grytten og Lars Ove Seljestad.

Kongtorp legg vekt på at litteratursymposiet har hatt ei rivande utvikling desse åra. Ikkje minst sidan Marit Eikemo tok over som festivalleiar. 

– Då ho tok over vart profilen vår meir reindyrka, det var veldig bra og gjorde at me etterkvart har vist igjen, både nasjonalt og i nordisk samanheng, seier Kongtorp som meiner arrangementet er veldig viktig for Odda. 

– Me er midt i ein vanskeleg periode med synkande folketal og ein langvarig strid om kva som skal skje rundt smelteverket og UNESCO-tittel. Symposiet er samlande og splittar ingen. Det treng me no, seier ho. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...