Frp vil privatisere NRK, og med det fjerne nynorskkravet i statskanalen.
Partiet vil også fjerne kravet om samiske program i NRK.
– Me vil gjere NRK til eit aksjeselskap der private skal kunne kjøpe seg inn, seier Frp-nestleiar Per Sandberg til Dagsavisen.
Sandberg har leia arbeidet med Frp sitt nye partiprogram for 2013 – 2017, programmet blir lagt fram 9. oktober, men allereie nå avslørerer Sandberg at partiet ynskjer å privatisere NRK.
Frp ynskjer at NRK blir eit aksjeselskap der staten eig minst 50 prosent av aksjane, og resten av private. Frp vil også at lisensen gradvis blir trappa ned, og at NRK delvis blir finansiert av reklameinntekter, og delvis over statsbudsjettet.
NRK vart etablert i 1933 og har om lag 3.500 tilsette.