Heim Nyhende Rundar av Falturiltu

Rundar av Falturiltu

Ryk og reis er temaet for seminara på denne siste dagen for Falturiltufestivalen. Og kva er vel meir naturleg enn at festivaldiktar Ragnar Hovland fekk stå for den tematiske innleiinga.

– Han er utvilsamt ein av dei største fornyarane av norsk barnelitteratur, sa Per Olav Kaldestad då han introduserte festivaldiktaren.

Ragnar Hovland debuterte som barnebokforfattar i 1979 og har gitt ut 18 bøker for barn og unge. Forfattaren kunne i dag fortelje at han snart er klar med ei ny ungdomsbok. Hovudepersonen i den nye boka tar ut på ei reis for å finne att kjærasten sin. Inspirasjon til boka fann Hovland i gresk mytologi, i Orfeus og Eurydike og deira dramatiske kjærleikshistorie.

Gode barnebøker kjem ikkje av seg sjølv, seier Hovland. Sjølv var han eit barn som var over snittet glad i å lese, og når han skriv prøver han å herme korleis det var å vere barn.

Seminara i dag held fram med Tor Arve Røssland som snakkar om barnefilm og Bente Bratlund som spør seg om det finst nynorskbøker for barn. Professor Dagrun Skjelbred ved Høgskulen i Vestfold vil snakke om leseboka som litteraturformidlar i eit historisk perspektiv. 

Det er no 6. gong Fallturiltufestivalen blir arrangert, og dette er den einaste nynorske barnelitteraturfestivalen i verda. 

– Med festivalen har vi eit von om å opne auga til fleire om det som finst av barnelitteratur på nynorsk, sa prosjektleiar Hege Myklebust under opninga av festivalen tidlegare i veka.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...