Heim Innspel Kommentar: Litt om språk og kultur

Kommentar: Litt om språk og kultur

Vi har bak oss ein heftig diskusjon om kva som er definisjonen på norsk kultur.

I kjølvatnet av dette har svenske Aftonbladet publisert ein artikkel der dei prøver å forklare kva som er den norske kulturen si kjerne.

I artikkelen heiter det m.a.: « …. Det nynorska kulturlivet har alltid varit fattigt.»
Slik kan norsk, og ikkje minst nynorsk kultur bli oppfatta og formidla via svensk presse. Skal vi le eller gråte? Er det kunnskapsløyse? Uvilje? Manglande kvalitetssjekk?

Kor mykje krefter skal vi bruke på å hisse oss opp over slike artiklar i svenske aviser? Likevel – «Det nynorske kulturlivet har alltid varit fattigt». Eg vel å tolke formuleringa som uttrykk for rein kunnskapsløyse. Kvar gong denne typen utsegner vert formidla – om det er i norske eller som no i svenske media, kjenner eg at eg vert vekselvis oppgitt og sint, vantru og lattermild.

Kva har den nynorske kulturen bidrege til i norsk kulturliv? Eit eige livskraftig språk, som rett nok er truga på mange måtar, men som likevel er høgst oppegåande i alle deler av kultur- og samfunnslivet. Forfattarar, teater og musikarar av internasjonalt format, som er tydeleg ambassadørar for eit mangfalding og kraftfullt språk. Enkeltpersonar og frivillige organisasjonar som kjempar ein språkleg og ideologisk kamp for sitt språk i tråd med dei rettar som internasjonale konvensjonar gir dei. Eg kunne nemnt mange med namn. Lista ville bli lang!

Språkleg mangfald er regelen meir enn unntaket. I språkåret 2013 skal vi i Norge markere det språklege mangfaldet. Nynorsken har ein kamp å kjempe som del av det språklege mangfaldet.

Mitt bidrag til dette er å bidra til å løfte fram og synleggjere store og små nynorskspråklege kulturelle hendingar i mitt fylke. Hendingar som på ulike måtar gjer oss kjende med, og stolte av språket og kulturen vår. Som viser kunnskap, styrke og glede. Innad i fylkeskommunen skal eg bidra til å få utarbeidd ein språkbruksplan – ein plan for rett og enkelt språk der lesaren skal vere i fokus for korleis vi uttrykkjer oss. Sogn og Fjordane fylkeskommune tek mål av seg til å vere i fremste rekkje når det gjeld godt og forståeleg språk!

Språkglede er eit motto eg gjerne sluttar med til. Glede over å beherske språk, og å tore vise dette. Språkåret er i full gong. Sjølv om nokre sutrar, er det flest av dei som hyllar det språklege mangfaldet. Heia språkåret og språkleg mangfald!

Tilbake til kva norsk kultur er? Det nynorske språket er så definitivt ein del av den norske kulturen. Ein stolt, open, inkluderande og kraftfull del!

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...