Heim Nyhende Forslag til boklov ut på høyring

Forslag til boklov ut på høyring

Kulturdepartementet sende fredag forslag til ei lenge etterlengta boklov ut på høyring.

Kulturminister Hadia Tajik (Ap) varsla i haust at regjeringa vil ha forslag til boklov klar før sommaren 2013. Boklova skal erstatte bransjeavtalen som ligg føre i dag, som krev eit unntak frå konkurranselova. Ein samla bokbransje har ønskt ei boklov der fastprisen på bøker blir heldt oppe.

– Det viktigaste for meg i arbeidet med boklova er å leggje til rette for at lesarane skal oppleve at dei har ei brei tilgang på bøker over heile landet. I tillegg vil eg at det skal vere sunne konkurransevilkår i bransjen. Det vil ikkje minst forfattarane vere tente med, seier Tajik.

Raskt

Boklova skal gjelde både skjønnlitteratur, sakprosa og fagbøker. Høyringsfristen er sett til 15. mars.

– Det er avgjerande for utviklinga av stabile og gode rammevilkår i bokbransjen i form av boklov no kjem på plass, seier administrerande direktør Kristenn Einarsson i Forleggerforeningen.

Han er glad for at høyringsrunden skjer på ein måte som gjer at ein kan vedta boklova så raskt som mogleg.

– Gode alternativ

Bokhandlerforeningen meiner at regjeringa i sitt forslag har lagt fram fleire gode alternativ som møter ønska og oppfatningar i bransjen.

– Ei boklov med faste prisar på bøker gjer at forlag og bokhandlar tør å satse på kvalitet og kulturell verdi. Den gir oss moglegheita til å satse på unge og ukjende forfattarar. Bokhandelen skal gjere mykje for å sikre at boklesaren får hjelp til å finne dei bøkene færre kjenner, seier administrerande direktør Trine Stensen i Bokhandlerforeningen.

Kulturminister Tajik seier at ei boklov skal hindre misbruk av marknadsmakt, men ikkje vere til hinder for nyskaping og sunn konkurranse. I tillegg til ulike spørsmål rundt fastpris, ønskjer også departementet at høyringsinstansane skal gi sitt syn på reglar for rabatt- og avanseregulering mellom forlag og bokhandlarar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...