Heim Nyhende Språknerd med sterke røter

Språknerd med sterke røter

– Det handlar om kor viktig språk er for individet, og om ein kan bli ein annan person ved å skifte språk eller dialekt, seier forfattar Marita Liabø. Ho har skrive premiereklare «My fair lady goes Sogn og Fjordane», ein heilt spesiell versjon av Broadway-musikalen.

 

I stykket, som blir sett opp på Sogn og Fjordane Teater (SOFT) i anledning Språkåret 2013, møter vi Lise som må flytte frå Frogner til den fiktive bygda Framdalen fordi faren har gått konkurs. Her møter ho Henrik Heggen og Sydvest Lommeheim som inngår eit veddemål om å lære henne skikkeleg framdalsdialekt. Og kva skjer med den ufordragelege byfrøkna når ho begynner å snakke brei sunnfjordsdialekt?

– Vi har snudd stykket på «hauet», seier Liabø på klingande Førde-dialekt. Sjølv har ho gått andre vegen, frå Sunnfjord via Bergen til Vålerenga i Oslo. Her har ho budd i ti år, og har omsider slått seg til ro.

Men røtene er viktig, og ho reiser framleis «heim» til Førde sjølv om foreldra har flytta til Nordland. I fjor skreiv ho teksten til ei praktbok om SOFT, teatret med hovudkvarter i bygda, og no set dei altså opp ein versjon av «My Fair Lady» som Liabø står bak i samarbeid med regissør Bodil Kvamme.

Kjend tematikk
– Det var teatersjef Terje Lyngstad som meinte eg kunne eigne meg, blant anna fordi eg er veldig oppteken av musikk, seier Liabø. Det han kanskje ikkje visste var at ho ikkje likar musikalar og aldri hadde sett «My Fair Lady». Dessutan fekk ho ikkje bestemme kva melodiar som skulle brukast, og det overraskar henne at musikalmusikk kan tiltrekkje publikum. Men tekstane har ho kontroll på, i alle fall fram til regissøren og skodespelarane begynte å jobbe med dei.

– All dialogen og alle songtekstane har eg skrive. Men oppbygginga og tematikken i stykket er den same som i den kjende musikalen, fortel ho. «My Fair Lady» er bygd på teaterstykket til George Bernard Shaw, «Pygmalion», og handlar om Eliza Doolittle som blir plukka opp av rennesteinen av professor Higgins og skapt om til å passe inn i engelsk overklasse.

Sogn og Fjordane-varianten hadde Bodil Kvamme ideen til, så har Liabø skrive teksten og Kvamme har bearbeida.

– Det har vore ei utfordring, medgir Liabø. Som forfattar av seks vaksenbøker og to barnebøker er ho van til å ha full kontroll fram til ferdig produkt. Det har ho definitivt ikkje no. Ikkje berre har Kvamme knadd tekstane, men under prøvane må Liabø rekne med at skodespelarane også har tilpassa tekstane og gjort dei til sine.

– No håpar eg berre at alt er språkleg korrekt. Dette handlar jo om dialekttrekk og språklege fenomen, og det er jo eg som er filologen, seier Liabø som reknar seg som språknerd og pedant.

Lingvistikk og mytologi
Framdalen er ei fiktiv bygd med 326 innbyggjarar, men dialekten Lisa skal lære seg er svært lik dialekten i indre Sunnfjord. Blant anna har han det som heiter palatalisering; «liggje» og «sitje» og «mannjen» i staden for ligge og sitte og mannen.

Stykket byggjer på Pygmalion-segna frå gresk mytologi og handlar om å ta eit menneske og forme det til det ein vil.

– Det er det lingvisten Heggen gjer. Han tek denne Frogner-fjolla og lærer henne dialekten. Dermed forandrar ho seg og han likar henne betre og betre jo meir bondsk ho blir.

Tidlegare var det fordommar mot folk som snakka dialekt. No er det nesten omvendt. Vi omfamnar dialektane og mangfaldet, meiner Liabø.

Skamfullt språkbyte
Sjølv er ho bevisst på å halde på dialekten sin, men har vingla litt i forhold til det skriftlege. Tre av bøkene hennar er på nynorsk, dei fem andre på bokmål. Ho skifta litt ubevisst til bokmål i studietida.

– Det var rein latskap. Det har vore mykje lettare å skrive på bokmål. Men det ville ikkje skjedd i dag. Eg er veldig stolt av språket mitt, og skammar meg litt for at eg ikkje brukte det meir i studietida, seier forfattaren som no vekslar mellom bokmål og nynorsk. Det gjeld både privat, i jobben som tekstar i NRK og i tekstane ho arbeider med. Dei seinaste åra har ho jobba med ein del kortare tekstar, noveller, artiklar og antologiar. Skrivinga har vore meir oppstykka på grunn av tre små barn, men det er den store romanen som lokkar.

– Det er alltid ein roman. Eg klarer ikkje å slutte, eg prøver heile tida. Det er som å vere avhengig av noko, smiler Liabø. (NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...