Fjerning av karakterbasert sidemål kjem til å føra til ei endå lågare språkleg forståing for det andre skriftsspråket, skriv leiar i Sunnhordland Målungdom, Karen Mjør.
Mjør er redd det er feil veg å gå dersom ein kuttar karakteren i sidemål.
– For fleirtalet av elevane i norske skular vil det seie kutt i karakteren i nynorsk. Fjerning av karakterbasert sidemål kjem til å føra til ei endå lågare språkleg forståing for det andre skriftsspråket. I praksis vil det seie ei klar svekking av nynorsken sin posisjon, skriv ho i Fitjarposten.
– Elevar opplever i dag eit stort karakterpress. For å koma inn på høgskule/universitet må ein ha gode karakterar. Dersom ein tar vekk karakteren i sidemål, kjem faget til å verta endå meir nedprioritert til fordel for andre fag. Resultata vil då verta dårlegare. Sjølv om det vert sagt at lærarane skal ha like mykje fokus på sidemålsopplæringa dersom den vert utan karakter, så hjelper ikkje det stort dersom elevane mister motivasjonen, held ho fram.
Ho viser også til sidemål i dag er blitt eit “trekkfag” der det ikkje er obligatorisk eksamen. Og at ei evaluering av dette frå 2011 viser at eksamensresultata i sidemål er blitt dårlegare.
– Dess mindre fokus og bedømming, dess mindre motivasjon har elevane for faget, skriv Karen Mjør.