Fire av fem veit ikkje namnet på listetoppen i det partiet dei vil stemme på ved stortingsvalet, melder Nationen.
Det er ei undersøking Sentio har gjort for avisa som viser at 82 prosent ikkje kjenner namnet på den dei skal stemme på. 23 prosent trur dei gjer det, men av desse oppgir ein av tre feil namn.
Valforskar og professor Toril Aalberg ved institutt for sosiologi og statsvitskap på NTNU i Trondheim meiner resultatet ikkje er spesielt overraskande og seier til Nationen at det nok er dei mest politisk interesserte blant oss som har slik oversikt. Det er ofte partia og sakene deira, ikkje einskildpersonar, som avgjer kven vi stemmer på.
Toppkandidatane i dei små partia er meir kjende enn dei i dei store partia, og veljarane i Aust-Agder er dei som kjenner partitoppane best, syner undersøkinga.