Journalist Iver Gjelstenli har fått NTB sin språkpris. Gjelstenli er mest kjend for reisesatsinga Kortreist i Romsdals Budstikke.
Juryleiar Lars Aarønæs seier fjellklatraren, forfattaren og journalisten Gjelstenli skriv godt bokmål og enno betre nynorsk. Reportasjane i Kortreist er rett på poenget med korthogde setningar og raske skisser, heiter det i grunngjevinga, gjengitt i GD.no.
Juryen peikar også på korleis kortreistreportasjane til Romsdals Budstikke har blitt ein eigen reiseportal på nett som blir brukt av aviser i Midt- og Vest-Noreg.