Heim Nyhende Dag og Tid er opplagsvinnar

Dag og Tid er opplagsvinnar

Dag og Tid er ein av opplagsvinnarane. Lokalavisene går samla noko attende. 

Den nynorske vekeavisa for kultur og politikk auka opplaget med 4,6 prosent og har no eit opplag på 9.132 eksemplar kvar veke. Noko som er rekord. 

– Dette er gledeleg. Me tek det som eit signal på at lesarane set pris på gode tekstar, grundig journalistikk og mange ulike originale stemmer, seier redaktør Svein Gjerdåker i ei pressemelding. 

Sjølv om mange lokalaviser framleis står sterkt som papiraviser gjekk opplaget samla ned med 1,1 prosent. 

– I ei tid der papiropplaget til avisene går nedover i store dele av verda, er det imponerande at norske lokalaviser held opplaget sitt så stabilt som det gjer. At lokalavisene på papir enno står seg særs godt, skuldast at avisene våre er truverdige og at dei skriv om saker som folk synest er relevante i kvardagen. Å koma ut på papir få dagar i veka er kanskje akkurat passe i ei tid der medietilbodet aukar på digitale plattformer, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA. 

Blant dei andre avisene i LLA er det Våganavisa som er opplagsvinnar. Lokalavisa i Svolvær i Lofoten aukar opplaget mest det siste året, med ein auke i opplaget med 184 eksemplar. Solungavisa, Steinkjer-Avisa og Vestby Avis er andre opplagsvinnarar i LLA. Landslaget for lokalaviser har 110 medlemer over heile landet. 

Av dei større avisene er trenden at riksavisene som VG og Dagbladet går attende, medan nisjeavisene som Morgenbladet og Klassekampen går fram. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...