Heim Nyhende Borge ny leiar i LNK

Borge ny leiar i LNK

Ullensvang-ordførar Solfrid Borge er vald til ny leiar av Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Den nye styreleiaren meiner LNK har ei viktig rolle som haldningsskapar og pådrivar for at kommunane skal vere stolte av språket sitt, samstundes som at kommunane må bli meire bevisste nynorskbrukarar i framtida.

– Kommunane som barnehage- og skuleeigarar må vere klar over den rolla dei har, og vi meiner kommunane styrkar identiteten sin gjennom å bruke nynorsk i alt og eitt.

Å skape bevisste haldningar til språket er først og fremst eit leiaransvar i kommunane, meiner Borge, som er sikker på at LNK vil spele ei like viktig rolle hjå nynorskkommunane i framtida som dei har gjort i dei 20 åra som er gått sidan organisasjonen kom til.

Solfrid Borge har sete i styret til LNK sidan 2007, og tar no fatt på sitt første år som styreleiar. Borge er ordførar for Senterpartiet i Ullensvang herad. Ho har også vore leiar for det LNK-initierte prosjektet Diktarvegen.

Solfrid Borge avløyser Astrid Myran Aarvik, som har vore styreleiar i to år. Aarvik blir sitjande i styret til LNK. Den einaste nye i styret no blir Halvor Lilleslett, ordførar i Gol kommune. Han tek over i styret etter Laura Seltveit frå Sauda.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...