Etter nokre år ute av organisasjonen er no Vaksdal kommune inne igjen i LNK. Dermed har organisasjonen 124 medlemmer.
Ordførar Eirik Haga er godt nøgd med at Vaksdal no er på plass igjen som medlem i LNK.
– Me er ein nynorskkommune som ligg tett opp mot storbyen Bergen og kjenner bokmålspresset. For oss er det viktig å vere med i ein organisasjon der fleire kommunar er opptekne av å halde på nynorsken, slår han fast og viser til at mange av nabokommunane til Vaksdal opplever at innflyttarar set krav til språkpolitikken i kommunen.
– Eg meiner bestemt at dersom ein vel å flytte til ein nynorskkommune, så er språket ein naturleg del av den lokale identiteten, seier Haga.
Han er også oppteken av at dei tilsette i kommunen skal skrive eit så godt språk som mogleg.
– Me må prøve å unngå substantivsjukdommen og det passive språket. Difor er det viktig å vere bevisst på å skrive eit godt språk, seier han.