Språkrådet gir kvart år ut to språkprisar for framifrå bruk av norsk i sakprosa, ein pris for kvar målform. No røktar dei etter gode kandidatar til årets pris.
Prisen kan gå til einskildverk eller produksjonar frå dei siste fem åra, og både einskildpresonar og grupper kan få prisen, heiter det på Språkrådet sine heimesider.
Kven som helst kan fremje kandidatar til prisane, og forslaga må vere Språkrådet i hende innan 20. juni. Prisen blir som vanleg delt ut på Språkdagen som i år blir halde i Oslo konserthus den 12. november.
I juryen for språkprsien sit: Karianne Skovholt, Tiril Rem, Espen Søbye og Kjartan Vevle.
Les også: Språkprisen 2012 til Norheim og Tunstad.