Heim Nyhende Tre Heddaprisar til Trøndelag Teater

Tre Heddaprisar til Trøndelag Teater

Trøndelag Teater hanka inn tre prisar då Teater-Noreg heidra seg sjølv med utdeling av årets Heddaprisar søndag kveld.

Den gjeve prisen for årets beste mannlege hovudrolle gjekk til Ingar Helge Gimle for tolkinga av Willy Loman i «Ein handelsreisendes død» på Trøndelag Teater. Espen Klouman Høiner, som spelte Biff Loman, fekk prisen for beste mannlege birolle. Han blei heidra for denne rolla og for rolla som Ivar Zolen i «Bør Børson jr».

Trøndelag Teater stakk også av med prisen for beste kvinnelege birolle ved Kine Bendixen for rolla som Jackie Kennedy i «Prinsessedrama».

Gisken Armand fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Eg i «Eg forsvinn» av Arne Lygre på Nationaltheatret. Nationaltheatret stakk også av med prisen for beste regi. Han gjekk til Oskaras Korsunovas for regien på «Peer Gynt», som blei sett opp på biscena Torshovteatret.

Årets framsyning blei «Stalker» av den frie gruppa Verk Produksjoner.

Nynorskprisar
For årets vertskap for prisutdelinga, Det Norske Teatret, blei det nok ein litt skuffande kveld. Nynorskteatret var nominert til åtte prisar, men vann berre éin – prisen for beste barneforestilling for «Eg – Ik, Ich, I» av Oscar van Woensel i regi av Jonas Corell Petersen.

Samtidig med Heddaprisane blei også Aksel Waldemars minnepris delt ut til ein biletkunstnar og ein person som har gjort ein særleg innsats for nynorsk som scenespråk. I år gjekk prisane til biletkunstnar Peter Esdaile og forfattar Olaug Nilssen.

Heddaprisane blei i år delt ut for 16. gong. Prisen blir delt ut av ein fagjury, og gjeld førestellingar/prestasjonar i teatersesongen 2012/2013. Statuetten vinnarane får er laga av Nina Sundbye. (NPK)

 

 

 

 

 

 

Førre artikkelLitterært møte
Neste artikkelMålpris til Terje Fatland

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...